Utforsk Telemark

EN

NO

Lårdalstigen

TypeVandring

Eidsborgvegen 361A, 3880, Dalen

Legg Lårdalstigen til i reiseruten din.

  • film
  • Utsikt fra Lårdalstigen på Dalen
  • gå Lårdalstigen
  • Lårdalstigen
  • utsikt fra Lårdalstigen
  • Utsikt mot Dalen
  • Heddebu - ei lita hytte langs turstien som er open for bruk og overnatting. Skriv deg gjerne inn i gjesteboka vår!
  • Lårdalstigen
  • Lårdalstigen på Dalen
  • Utsikt fra Lårdalstigen i Telemark
  • Velkomen Vandrar!
  • Utsikt frå "Storstein" mot Dalen
  • Møte med turstifadder og grunnleggar Einar Strand
  • Lårdal - eit kjærkomment syn etter ein lang marsj!
  • Lårdalstigen
  • Fiskeørn
  • Fiskeørn
  • Bergfrue. Kåra til Noregs nasjonalblom på ein internasjonal botanisk kongress i 1935.
  • MS Henrik Ibsen kjem inn til Lårdal Bryggje
  • Kanalbåten Victoria - dronninga av Telemarkskanalen
  • på kanalbåten til Dalen

Om

Lårdalstigen er ein fantastisk tur med spektakulære utsiktspunkt framme på fjellkanten langs Telemarkskanalen.

Den innerste delen av Telemarkskanalen er omkransa av bratte og ville fjell. Langs fjellbrynet frå Dalen til Lårdal, har ein gjeng med eldsjeler i Lårdal rydda ein turveg som byr på mange spektakulære og spennande opplevingar. Mykje av turen går framme på fjellkanten opp til 800 meter over Telemarkskanalen. Langs denne ruta er det også ein flott flora og geologien er helt spesiell. Her kan du helse på segnfigurane "Risen og Gygri", som stend i stein frampå kanten av fjellet, eller betrakte Bandaksfjorden djupt under deg gjennom det storslegne Møyskrivet. Gløstøylnuten er høgste toppen på turen med sine 848 moh. Utsikten over fjorden og fjelli ikring er både vidt, vilt og vakkert. Kanskje får du også auge på fiskeørna?

Kor startar turen?
Dei fleste vel å starte på toppen av Eidsborgberget, ovanfor Dalen, og gå mot Lårdal, men det er også sjølvsagt mogleg å starte i Lårdal å gå motsett veg. 

NB! FV450 er delvis stengd pga vegarbeid sommaren 2024 frå 6.mai-1.november i Eidsborgberget.

Ope i helgar frå torsdag kl 20:00 til mondag kl 08:30

• Ope vekedagar frå kl 20:00 til 08:30
• Ope vekedagar frå 14:30 til 16:00
• Maks lengde på kjøretøy er 13,5 meter
• Open veg i veke 28, 29, 31, 31 (fredag 5/7 kl 14:30 til mon 5/8 kl 08:30)
• Open veg frå tor 16. mai kl 14:30 til tys 21.mai kl 08:30

Det vil bli sett i gang rassikringsarbeid og rehabilitering.

Sjekk Statens vegvesen for meir informasjon: www.vegvesen.no

Skal me komme med ei anbefaling, er det ei finare turoppleving å starte på Dalen og gå til Lårdal. Planlegg turen og start tidleg om morgonen (kl. 08-09), så rekk du ettermiddagsbåten fint! Du må rekne ein 7-8 timar på turen (minumum 6 timar). Parker bilen din på bryggjeområdet på Dalen (langtidsparkering på motsett side av bobilparkeringa), her kan du stå gratis. Ring Tokke Taxi på tlf. 909 71 909 som køyrer deg opp til startpunktet i Eidsborgberget (4 km) til ein fastpris på kr. 250. 

Den totale lengda å gå heile Lårdalstigen er 14 km. Ein lang dagstur, eller du kan ta med teltet eller hengekøya og gjere det til en 2 dagars tur. Det er også en lita hytte undervegs, Heddebu, den ligg rett før du startar på det siste, brattaste partiet ned mot Lårdal. Heddebu er open for turgåarar, med sengeplass til 2 personar (drop-in). Skriv deg gjerne inn i gjesteboka her! 

Lårdalstigen er blitt utruleg populær, det syns me er veldig stas! Båtane opplever stor pågang i sesongen, og difor kan det vere greit å vite at ein også kan ta morgonbåten ut frå Dalen til Lårdal og starte turen i Lårdal. Me vil at flest mogleg skal få oppleve turen og transportere dykk dit de skal!

Båtreisa på ein av dei gamle rutebåtane er ein vesentleg del av turopplevinga! Om det er tur eller retur, nyt turen frå dekk på M/S Victoria eller M/S Henrik Ibsen på Telemarkskanalen. Hugs å å bestille båtbilletten på førehand på booktelemark.no

Om båtane skulle vere fullbooka, eller det er utanom båtsesong, køyrer Tokke Taxi deg mellom Lårdal og Dalen til ein fastpris på kr. 700 for bilen. Alternativt kan du sette ein bil i kvar ende om du har moglegheit til det. Kontakt oss gjerne for råd og tips. 

Uansett kva for retning du vel, Lårdalstigen er ein krevande, men fantastisk tur! Langs turstien er det sett opp nye, flotte informasjonstavler som krydrar turopplevinga! 

Ha med godt med drikke, god niste og tursnacks, og ha på gode tursko.

Den vakre bygda Lårdal ved Bandak byr på idylliske plassar og eit koseleg bryggjeområde med ferjeleie for båtane på Telemarkskanalen. Her er det servering og overnatting; Lårdal Marina og Bandak Camping. Ver mersam på at opningstider for servering - og overnattingstilbod kan variere vår- og haustsesong, sjekk gjerne med oss før du legg i veg slik at du er førebudd på kva som gjeld når du har planlagt turen. 

Rundtur
Om du ikkje har høve til å gå heile turen, kan du parkere i Støylsdalen og gå ei rundløype på om lag 6 km om Gløstøylnuten (848 moh) og tilbake til start i Støylsdalen. Kontakt turistkontoret for meir informasjon. 

Turfakta:
Lengde: 14 km éin veg

Tidsbruk: 6–8 timar ein veg 

Gradering: Krevjande/ekspert

Høgaste punkt: Gløstøylnuten 848 moh.

Tilgjengeleg: mai–oktober (avhengig av ver-og føreforhold, sjekk med oss før du legg i veg!) 

Turkart: Tokke 1 : 50 000 og Miniguide Lårdalstigen norsk/engelsk  

Ha på vanntette tursko med gode solar, eller fjellsko, og ha med rikeleg med vatn (minst 2–3 liter på varme dagar). Det er ikkje lett å finne vatn langs stigen.

Kanalbåtane har fast anløp inn til Lårdal om ettermiddagen i høgsesong mai-august. Henrik Ibsen går frå Lårdal måndag, onsdag, fredag og sundag kl. 17.00 og Victoria går tysdag, torsdag og laurdag kl. 17.55.

Om du vel å ta morgonbåten ut frå Dalen til Lårdal, går Henrik Ibsen måndag, tysdag, torsdag og laurdag kl. 08.50 og Victoria onsdag, fredag og sundag kl. 08.00. Book båten på førehand 

I lågsesong september - oktober er det kun M/S Henrik Ibsen som går i rute, sjekk rutetidene før du legg i veg, og book båten på førehand!

Rutetider Telemarkskanalen

Booking Telemarkskanalen

Nyttige telefonnummer:
Booking Telemarkskanalen: +47 409 20 000

Visit Dalen: +47 35 07 56 56  Kontakt oss og kom gjerne innom oss før du legg ut på tur! Her får du turbrosjyre og god turinfo. info@visitdalen.com

Tokke Taxi: +47 909 71 909

Vandrepakke: 
Kombiner Lårdalstigen med ein historisk kanalbåttur på Telemarkskanalen og overnatting på eventyrhotellet Dalen Hotel

Frå kr 2890,- per person/natt i dobbeltrom. Pakka er tilgjengeleg i kanalsesongen.

Inkludert i pakka er båtbillett Lårdal-Dalen med frokost og 4-rettars middag på Dalen Hotel. Av hotellet får dere med ei ferdigsmurt nistepakke med smørbrød, frukt, litt annet godt og litt drikke (husk å pakke med godt med vann). Bestill vandrepakke her.

For forespørsel eller reservasjon av pakker, kontakt hotellet direkte på telefon +47 35 07 90 00 send e-post til post@dalenhotel.no eller book på www.dalenhotel.no

 

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • turstier- merkede

Aktiviteter

  • båtturer
  • fjellvandring
  • fotturer
  • fritidsaktiviteter
  • turstier

Avstand

  • lengde i km - 14 km

Gradering

  • ekspert
  • krevende

Målgruppe

  • Voksen

Natur og terreng

  • bratt
  • fjell

Sesong

  • mai - oktober

Varighet

  • 8 timer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Køyreforklaring 

Om du kjem langs E-134, tek du av i Høydalsmo på Fv 450 mot Dalen. Om lag 1 km etter at du har passert Eidsborg, er det avkøyring på venstre hand (skilta Lårdalstigen), rett før du startar på alle svigane nedover mot Dalen.

Frå Dalen følgjer du Fv 450 mot Høydalsmo. På toppen av Eidsborgberget, etter ca. 4 km, rett etter det blå Eidsborg stadsnavnskiltet, er det avkøyring på høgre hand (skilta Lårdalstigen). Parkering ved enden av grusveg (per dags dato er parkeringa her stengt) (ikkje framom tunnelinngangen). Me vil anbefale at de parkerar på bryggjeområdet på Dalen (gratis) og tek taxi opp til startpunkt (kr. 200). Då har ein bilen lett tilgjengeleg når ein kjem i land med båten, og det er også avgrensa med plass på p-plass ved startpunkt i Eidsborgberget i tillegg til at det er ein litt skummel inn og utkøyring.

Kjem du frå Åmot på fv 38, køyrer du gjennom Dalen mot brygga.

Om du vel å starte i Lårdal, kan du følgje skiltinga mot Lårdal frå Fv 450 mellom Høydalsmo og Dalen. Halvvegs nede i grenda Lårdal er det parkering på venstre sida ved Eben-Ezer.  

 

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    995 m Unna
  2. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    1.13 km Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    1.59 km Unna
  1. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    1.66 km Unna
  2. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    1.81 km Unna
  3. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    1.84 km Unna
  4. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    2.41 km Unna
  5. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    5.63 km Unna
  6. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    6.39 km Unna
  7. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.80 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    15.77 km Unna
  9. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.87 km Unna
  10. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    21.91 km Unna
  11. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    21.96 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    22.38 km Unna
  13. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    25.37 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av