Utforsk Telemark

EN

NO

Fyresdal bygdemuseum

TypeMuseum

Meieribakken 1, 3870, Fyresdal

Legg Fyresdal bygdemuseum til i reiseruten din.

Fra NOK 0,00
Interiør, stoge frå Borgen. Fyresdal bygdemuseum.
  • Interiør, stoge frå Borgen. Fyresdal bygdemuseum.
  • Nøraloftet og loft og stoge frå Borgen (Borgjæ). Fyresdal bygdemuseum.
  • Markensdag på Fyresdal bygdemuseum - Vest-Telemark museum.
  • Product Image
  • Bygdedag og sommar på tunet. Mange flotte tre på Fyresdal bygdemuseum.
  • Markensdag på Fyresdal bygdemuseum.
  • Aktivitet på Fyresdal bygdemuseum.
  • Hauststemning i Øyskogen. Fyresdal bygdemuseum.
  • Kalståvikfurua på Fyresdal bygdemuseum.
  • Haust på tunet i Øyskogen. Fyresdal bygdemuseum.
  • Løa frå Tveiten i Ligrend. Fyresdal bygdemuseum - Vest-Telemark museum.
  • Olsokspel på Fyresdal bygdemuseum
  • Ein gamal bolle, Fyresdal bygdemuseum.

Om

Fyresdal bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Det ligg vakkert til i Øyskogen, ein park i sentrum av Fyresdal.

Bygdemuseet har bygningar og gjenstandar frå mellomalderen og frametter, og gjev glimt frå den eldste historia til Fyresdal.

Husa i museet er opne i sommarsesongen. Det er ingen fast omvisar, og tilgang er gratis.

Gravhaugane
I hundrevis av år har Øyskogen vore heilag grunn.

For akkurat her finn me eit av Noregs vakraste gravfelt frå folkevandringstid.
Det er ingen tvil om at det har vore ein sentral kultstad i historisk tid.

Å byggje ein gravhaug var ei viktig religiøs og politisk handling. Den var eit maktsymbol både for personen som ble hauglagt, for ætta og bygda.
Men haugen var også ein kultstad for å oppnå direkte kontakt med både forfedrane og gudane gjennom blót.

Ein gravhaug kunne variere i storleik, og ein trong god planlegging og godt med arbeidskraft og ressursar for å byggje ein.

Folk hadde ikkje råd til å byggje store flotte haugar til alle, og difor vart oftast berre ein i kvar generasjon hauglagt. I folkevandringstida var det også vanleg å ha større felt med haugar, som her i Øyskogen.

Ein trur at gravhaugane i Fyresdal er bygd i yngre jernalder, det vil seie frå 400 – 600 etter Kristus. Det betyr at nokre av haugane kan vere 1600 år gamle.

Folkestadbyen
I andre halvdel av 1800-talet vaks det fram ein «by» i Fyresdal - Folkestadbyen.

Folk flytta fra gardane og søkte lønsarbeid, til dømes i skogbruket, og slo seg ned der det var høve til handel og transport. Byen oppstod kring handelslaget på Folkestad, som knutepunkt mellom båttrafikk på Fyresdalsvatnet og køyrevegen til Bandakslid.

I 2015 blei det sett opp skilt så ein kan ta ein «byvandring» i Skippergata og Lensmannsgata, og lese om dei einskilde husa der.

 

Omvisingar for grupper på bygdetunet er mogleg og kan tingast ved å kontakte Vest-Telemark Museum (e-post: booking@vtm.no) 

Fasiliteter

Aktiviteter

  • turstier

Generelle fasiliteter

  • åpent utenom åpningstid, etter avtale

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • omvisning etter avtale

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Barn (0-16 år)Gratis
Voksne (fra 16 år)Gratis
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 800,-NOK 80,00 1 person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+ 47 35 06 90 90

Åpningstider

Bygningane er opne for innsyn måndag til fredag kl 10:00 - 16:00 (25 Jun 2024 - 15 Aug 2024)
DagTider
Ope med omvisar (6 Jul 2024 - 28 Jul 2024)
DagTider
Lørdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.

Også i nærheten

  1. Folkestadbyen

    I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…

    98 m Unna
  2. Russvassdammen

    Russvassdammen, som har vært et sentralt element i tømmerfløytingen i Fardøl siden 1860,…

    8.23 km Unna
  3. Våmur Utkikkspunkt

    Våmur Utsiktspunkt i Telemark, hvor bratte fjellsider møter majestetisk Fyresvatn. Nyt…

    10.59 km Unna
  1. Hesteeventyr - Fyresdal vill og vakker

    Rideturer, kjøring med hest og vogn, jakt og fiske, orientering, kanoturer, fjellturer,…

    12.62 km Unna
Previous Next

Se også

Øyskogen, Photo: Hamish Moore Fyresdal kulturminneløype, FyresdalPå denne turen blir ein kjent med Fyresdal sentrum. Folkestadbyen og bygdetunet Øyskogen med sine 18 gravhaugar og gamle tømmerhus, er noko av det vandrarane passerar.

people in the folk town on a summer dayFolkestadbyen, FyresdalI 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal. Tettstaden fekk namnet Folkestadbyen.