Telemarksvegen eller riksveg 41 er ein fin opplevingsveg som byr på natur, kultur, historie og aktivitetar – og er merka med dei kjende stavane.
Vegen er aktuell for deg som reiser på bilferie. Du kan kjøre frå Seljord og sørover eller starte i Kristiansand frå fergekaia og dra nordover langs det verna vassdraget Tovdalselva, vidare langs Nidelva og Nisser. Kviteseid er eit knutepunkt mellom Telemarksvegen og Telemarkskanalen. I Seljord får du kan hende sjå sjøormen.
Langs vegen er det mange fine rasteplassar. Ladestasjonar langs reiseruta gjer det mogeleg å reise miljøvennleg. Du kan ta med eigen sykkel eller leige for å sykle på den nedlagde jernbanelina mellom Åmli og Treungen. Tilrettelagde turløyper finn du i alle kommunane langs vegen.