Ta i bruk sansane og nyt smak, historie, estetikk og ro på Nutheim.
Nutheim, kunstnarhotellet i Telemark, er ope for deg som stikk innom for eit godt måltid, gjerne i kombinasjon med overnatting. Det passar også godt for grupper som ønskar inspirasjon og hyggeleg vertskap. Opplev Mytiske Telemark gjennom eit besøk, og kombiner gjerne med gardsbesøk, fottur i det bratte lendet, ridetimar eller målekurs på Nutheim.
Eit besøk på Nutheim er ei sanseleg oppleving der gode måltid, triveleg overnatting, kunst, historie, lys, og motiv er vevd saman. Den gjestfrie staden byr på restaurant, galleri, kunstbutikk, ein vakker hage, møtelokaler, prestegard med kapell og ikkje minst ei fantastisk utsikt. Nutheim har tilsaman 20 rom fordelt på 6 bygningar. Her kan du overnatte på sjølve gjestgiveriet som i si tid var ein gammal skyss-stasjon, i Hjartdal gamle prestegard frå 1648, i gamle stabbur eller i kunstnarens eige atlier. Alle roma har originalkunst etter kjende kunstnarar som har budd og arbeidd i området, eit område som har tiltrekt seg kunstnarar sidan nasjonalromantikken. Atmosfæra er både upretensiøs og stilfull.
Nutheim gjestgiveri opna i 1877 og har vore i familien i fleire generasjonar. Då kunstnaren Erlend Grøstad saman med sin ektefelle Ninni overtok drifta i 1957 førde dei vidare det levande kunstnarmiljøet på Nutheim og heldt målarkurs kvar sommar. Staden er sterkt prega av Erlend Grøstad sin interesse for staden, kunsten, tradisjonar og Telemarkskultur.
Lidenskapen for mat, kunst og tradisjonar lever vidare gjennom dagens vertskap. Bilethoggar Ellen Grøstad Barstad og dottera Solveig driv saman denne perla av eit historisk kunstnarhotell. Kokkekunsten har gått i arv frå mor til dotter gjennom fire generasjonar, og matstilen er norsk med ein fransk touch gjerne med lokale råvarer.
Telespinn er eit småskala spinneri som held til i Svartdal. Her spinn dei eigen ull av…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Noregs minste kabelferje fraktar deg over Fjonesundet mellom Nissedal og Fjone.
Samlingene hos Z-Museum i Treungen omfatter tusenvis av sjeldne objekter. Her kan du gå…
Vatnet har forma eit stort stykke kunstverk sør i Nissedal. Jettegryter på rekkje og rad…
Hillestad Galleri åpnet i 1985. Siden den gang har det blitt mange utstillinger av kjente…
Piano Interiør er en butikk som selger god stemning. Å ta det “piano” betyr i…
Museet forteller om Åmlis kultur- og naturhistorie. Her finnes en samling av utstoppede…
Birkenes Bygdemuseum - Myhre Torvstrøfabrikk - er Norges eneste torvstrømuseum.