Om oss
Telemarksvegen - Rv. 41 - slynger seg vakkert gjennom 6 kommunar frå Sørlandet til indre Telemark. På sin veg gjennom kommunane Kristiansand, Birkenes, Froland, Åmli, Nissedal, Kviteseid byr Telemarksvegen på 180 km av det ekte Norge.
Naturen er mangfaldig og flott med sine salte svaberg, grønne heiar, fiskerike vatn, vakre fossar og steile fjellvegger. Som ein smakebit av Telemark på veg til fjordane, eller som ein del av ein rundtur, er Telemarksvegen eit flott alternativ. Gamle kulturminne og den lokale kunst- og handverkskulturen er sentrale langs vegen.
Telemarksvegen byr også på aktivitetar og opplevingar som fjellklatring, golf, kanopadling, beversafari, fisking og bading og sjølvsagt vinteraktivitetar i områda Gautefall og Vrådal.
Highlights