Utforsk Telemark

EN

NO

Fagersand

TypeStrand

Rjukanvegen 195, 3864, Rauland

Legg Fagersand til i reiseruten din.

fagersand strand
  • fagersand strand
  • people enjoying themselves on fagersand beach
  • 2 girls on a SUP
  • Fagersand
  • Fagersand
Vanskelighetsgrad:
Distanse:
Tid
Terreng
Sesong:
Passer For:

Om

Ikkje noko er betre enn dovne dagar på ei strand med skyfri himmel! Etter eit besøk her er det ingen tvil om kvifor stranda har fått dette fine namnet.

Fagersand er vårt nye aktivitetstilbod. I samarbeid med velvillige grunneigarar, Rauland Hyttevelforening og næringslivet i Rauland har Rauland Turist starta på eit nytt og omfattande prosjekt. Me har tilrettelagt betre for at alle kan bruke den fantastiske stranda Fagersand ved Lognvikvatnet.

Området er på over 50 dekar, så her er det plass til alle. Sjølv om området har lege slik i tusenvis av år, er det fint med litt oppgradering!

Køyr ned ved Camp Vierli Hotell i Austbø og fylg skilta. Då kjem du til ein ny og opparbeida parkeringsplass. Her parkerar du og går vidare nokre hundre meter til du kjem til den flotte sandstranda.

Parkeringa kostar kr. 50,- pr. dag. Denne avgifta går til vedlikehald av området. All bruk av området er gratis. Me ønskjer ikkje at det overnattast i telt etc. i området.

Alt avfall, grillar og hundeposar må de ta med dykk heim! Me oppfordrar alle til å gjera sitt til at området blir tatt vare på og behandla fint. Dette skal vera vårt hyggelege og rolege rekreasjonsområde for både born og vaksne.

I tillegg til å oppgradere vegen og laga parkeringsplass, har me starta med å bygge nokre praktiske klopper / trebruer over dei våte myrane. Dette arbeidet skal halde fram neste sommar.

Her skal alle gå tørrskodd fram til de stikk tærne ned i badevatnet. Me har rydda kratt og skog. Området er nå ljost og fint. Også dette arbeidet skal halde fram neste sommar.

Alt arbeid er gjort på dugnad! Hyttefolk og fastbuande har rydda og gjort det fint på Fagersand. Me håpar at mange har lyst til å hjelpe til på hyggelege dugnader også neste år. Me har planar om både båtar og badebrygger i nær framtid!

Velkomen til Fagersand.

Fasiliteter

Aktiviteter

  • sport

Generelle fasiliteter

  • frokost inkludert
  • full pensjon
  • kabel-tv
  • WLAN

Vintersport

  • ski
  • snowboard

TripAdvisor

Kart

Kontakt

988 90 333

Også i nærheten

  1. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    2.56 km Unna
  2. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    2.66 km Unna
  3. Raulandsakademiet kurssenter

    Raulandsakademiet er eit kurssenter, ein vandrarheim og og eit levande bygdetun.

    3.10 km Unna
  1. Telemarkstunet ved Raulandsakademiet

    Handverksutstilling, handverkarverkstadar, sommarkafè, steinomnsbakeri, konsertar og…

    3.10 km Unna
  2. Badstuer på Vierli

    Hva med en avslappende start på dagen eller et herlig avbrekk etter skidagen? En av…

    7.50 km Unna
  3. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    13.28 km Unna
  4. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    17.61 km Unna
  5. Hardangervidda Nasjonalparksenter

    Hardangervidda Nasjonalparksenter har en prisbelønnet interaktiv utstilling om natur og…

    18.37 km Unna
  6. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    22.06 km Unna
  7. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    24.51 km Unna
  8. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    25.23 km Unna
  9. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    25.40 km Unna
  10. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    27.27 km Unna
  11. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    27.45 km Unna
  12. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    27.78 km Unna
  13. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    28.66 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av