Velkomen til Bandaksli!
Soveboksen er nå tilgjengelig for booking.
Soveboksen i Bandaksli er eit overnattingstilbod for syklistar og padlarar langs Telemarkskanalen. Soveboksen har plass til 4 personar, i køyeseng utstyrt med madrass. Ta med sovepose til å ligge i. Her er også ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. Det er straumuttak inne i soveboksen til lading av telefon m.m. Det er ikkje tilgang på drikkevatn, så det må ein ha med.
Overnatting i soveboksen kostar kr. 150,- per person per natt. Når du bookar soveboksen, er det din private booking i tidsrommet du har booka.
Opphaldet du bookar gjeld for ei natt av gangen. Soveboksen er tilgjengeleg frå kl. 15.00 ankomstdagen til kl. 12.00 neste dag. Om du ynskjer å booke fleire netter er dette sjølvsagt mogleg å gjere i bookingkalenderen, ved ledig kapasitet. I bookingkalenderen kan du også endre dato for bookinga eller avbestille. Opphaldet ditt refunderes ved avbestilling 7 dager før ankomst.
Nøkkelen finn de i kodeboks ved døra. Koden får du når du har booka. Nøkkelen er ditt ansvar å passe på medan du brukar soveboksen. Ved avreise, lås soveboksen og legg nøkkel tilbake i kodeboksen og lukk denne.
Bruk møblar og utstyr, men heng det tilbake på veggen innan de reiser vidare. Etterlat pakkbua i den stand de sjølve ynskjer å finne den! Rydd, og hugs å ta med søpla di.
Toalett (utedo) finst på baksida av bygget.
Vi håpar de får eit fint opphald!
Fiske
Ynskjer de å fiske i Bandak så er det fiskereglane for sone 2 som gjeld her. Fiskekort for Bandak får de kjøpt på fishspot.no
Arkitektur
Det er Feste Landskap/Arkitektur som har teikna soveboksen, på oppdrag for Telmarkskanalen Regionalpark og i samarbeid med Tokke kommune. Midtbø Bygg AS har bygd soveboksen.
Telemarkshistorier - Friluftsliv på første klasse
Historia
Det var Åmdals Verk Gruver (kopargruver) som danna grunnlag for bryggjeanlegget i Bandaksli. Bryggja blei anlagt omkring 1860, og blei nytta til utskiping av malm. På bryggja var det pakkhus, lasterampe, butikk og lager og ned hit førte ein taugbane i 350 meters fall. Malmen blei frakta med hest til toppen av lia, deretter med taubanen ned til malmlageret som ligg omkring 100 m. vest for bryggjeanlegget.
Då det ikkje var djupt nok for større båtar blei det etter kanaliseringa bygd ei ny bryggje i Bandaksli i driftsåret 1908/09. Bryggja er ei flaumbryggje, det vil seie at den hadde ulik høgde slik at den kunne fungere ved ulik vasstand.
Det er ei flott fotoutstilling inne i pakkhuset der du kan lære meir om livet i og rundt Bandaksli før i tida.
Frå bryggja er det 15 km opp til Åmdals Verk Gruver. Her kan du oppleve flotte utstillingar og bli med på gruvevandring.
Ved bryggja i Fjågesund er det også ein tilsvarande soveboks, book soveboks i Fjågesund også i kanalsesongen.
Sesong (13 Apr 2025 - 10 Okt 2025) |
---|
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Museum som forteller historien til Nord-Europas høyest beliggende sluser, båttrafikken…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…
I 1870 åra voks det fram eit handels-og handtverkssentrum i kyrkjebygda i Fyresdal.…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…