Hallbjønnsekken er eit familievennleg og snøsikkert fjellområde som ligg langs FV450, midt mellom Dalen i Vest-Telemark og Valle i Setesdal. Dette er eit fjellområde som er kjent for vakker natur med mektige fjellparti. Her finn du Hallbjønnsekken høyfjellssenter som har Kafe. Vinter er pub/kafe ope kvar helg (fredag,lørdag,søndag) + i feriene (jul,vinterferie,påskeferie). Dette er ein veldig hyggeleg samlingsplass og koseleg miljø. Vinterstid er det aktivitetar både for stor og liten. Her er også ein flott slalombakke med varmestoge. Slalåmbakken har 2500 meter nedfartar i naturleg variert terreng. Skitrekket "Vesle Bjønn" tar deg opp den nedste delen av bakken, medan "Store Bjønn" bringer deg vidare opp fjellsida for meir utfordrande nedfartar. Skafsåheia Løypelag syter for 60 km med oppkøyrde langrennsløyper i området.
Hallbjønsekken er kjent for sin flotte natur med fantastiske fjellområde som strekker seg opp mot 1500 m.o.h. Her kan ein nyte naturen både sommar og vinter. Området består av fjell og mange vann med fjellformasjonen Kuskar som mest kjente silluett. Flott tur- og rekreasjonsområde gjennom heile året.