Ting å gjere
Dalen i Tokke ligg i hjertet av Telemark i den øvre enden av Telemarkskanalen. Ei reise på Telemarkskanalen frå 1892 er ei reise i natur og kultur, gjennom sluser og kanaler og over store vatn der naturen stadig endrar seg. Kanalen strekkjer seg 105 km inn i landet frå Skien til Dalen - eit unikt stykke kulturhistorie frå kyst til fjell.
Tokke byr på eit breitt utval av attraksjonar og rik kultur. Her finn du fantastiske kulturskattar både langs landevegen og på museum. Vest-Telemark Museum med flotte utstillingar historiefortjeljingar, bygdetun og aktivitetspark med miniatyrmodell av Telemarkskananalen. Vakre Eidsborg stavkyrkje frå 1250 - ei levande soknekyrkje med ei unik historie. Åmdals Verk Gruver med spennande gruvevandring og geologiutstilling. Grimdalstunet med skulpturar av bilethoggaren og eventyrjenta Anne Grimdalen. Ravnejuv - spektakulært juv med oppdrift; kast eit blad utfor og sjå det komme opp att med luftstraumen! Dalen Hotel - eventyrhotellet frå 1894. Husmannsplassen Rui der dei nydelege Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.
For deg som er glad i å vandre, er Dalen og Tokke eit paradis! Me har mange godt merkte og vakre turstiar frå lågland til høgfjell, gjerne lagt i tilknytning til ulike kulturminne. Her kan alle finne sin favoritt vandresti! Naturopplevingar får du på alle kantar om du er ute og vandrar, padlar eller syklar langs Telemarkskanalen, eller på jakt etter storauren i Tokkeåi. Soria Moria sauna er ein perfekt avslutning på ein aktiv dag i naturen!