Reisa hit med bil
Frå Oslo: E-18 frå Oslo til Drammen. Frå Drammen, E-134 via Kongsberg og Notodden til Høydalsmo. Fv. 450 frå Høydalsmo til Dalen, denne vegstrekninga er Suleskarvegen (sommarrute mellom Oslo og Stavanger).
Frå Bergen: Følg E 39 pg E16 ut av Bergen, deretter Fv. 7 til Norheimsund, vidare Fv. 49 til Tørvikbygd. Her går det ferje til Jondal. Kjør mot Odda Fv. 550/551 retning sør-aust, og derifrå Fv 13 til Seljestad, deretter i retning Drammen langs E-134. I Åmot tar du av på Fv.38 til Dalen.
Frå Haugesund: E-134 via Røldal i retning Drammen / Oslo. I Åmot tar du av på Fv.38 til Dalen.
Frå Stavanger: Suleskarvegen sommartid; følg Fv 450 frå Ålgård i retning Dalen. Vinterstid: E-39 til Rennesøy, ferje frå Mortaviga til Arsvågen, følg E 39 vidare til Aksdal, deretter E-134 til Åmot. Fv.38 til Dalen. Alternativt Rv 13 i retning Røldal (Nasjonal turistveg), deretter E134 til Åmot og Fv 38 til Dalen.
Frå Kristiansand: Kjør opp Setesdalen på Rv.9 til Rotemo rett etter Valle. Fv.450 over Skafsåheia og Hallbjønnsekken til Dalen.
Frå Arendal: Følg E-18 i 21 km mot Oslo, ta av Fv. 415 mot Åmli, deretter Rv.41 i retning Treungen. Så Fv 355 i retning Krossli. Følg så Fv 38 i retning Dalen, og til slutt FV 450 ned Skafsåberget til Dalen.
Frå Larvik: E-18 frå Larvik til Porsgrunn i retning Kristiansand. Frå Porsgrunn Rv.36 mot Skien og Seljord. Frå Seljord ta E-134 til Høydalsmo. Fv.450 til Dalen.
Frå Sandefjord: E-18 til Larvik og Porsgrunn. Frå Porsgrunn Rv.36 mot Skien og Seljord. Frå Seljord ta E-134 til Høydalsmo. Fv.450 til Dalen.
Reisa hit med buss
Haukeliekspressen og Telemarkekspressen kombinert med lokale busstenester, tar deg til Dalen frå Oslo/Gardermoen, Sandefjord/Torp, Larvik, Haugesund og Bergen. Bussbytte i Åmot. Sjå rutetabell lokale bussruter, rutetabell for Haukeliekspressen eller rutetabell for Telemarkekspressen.
Reisa hit med tog
Frå Oslo, Stavanger og Kristiansand kan du ta toget til Bø, og deretter Haukeliekspressen eller Telemarkekspressen til Åmot med lokal buss vidare til Dalen. For togbillettar sjå VY sine nettsider.
Reisa hit med båt
Den mest eventyrlege måten å komme til Dalen på er vassvegen med dei kanalhistoriske båtane på Telemarkskanalen frå 1892. Ei reise i natur og kultur, gjennom sluser og kanaler og over store vatn der naturen stadig endrar seg. Kanalen strekkjer seg 105 km inn i landet frå Skien til Dalen - eit unikt stykke kulturhistorie frå kyst til fjell.