Utforsk Telemark

EN

NO

Open utstilling - og to spanande kunstnarar

TypeMuseumsarrangement

Meieribakken 1, 3870, Fyresdal

Legg Open utstilling - og to spanande kunstnarar til i reiseruten din.

Kunst og design av Odd Jørgensen og Andreas Valebjørg. Fyresdal bygdemuseum.
  • Kunst og design av Odd Jørgensen og Andreas Valebjørg. Fyresdal bygdemuseum.
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Kvar laurdag i heile juli vil Fyresdal bygdemuseum i samarbeid med Vest-Telemark museum ha aktivitetsdag i Øyskogen. Fyresdal er ein kommune rik på handverk og tradisjon. Museet vil ha open utstilling med guide laurdag (og sundag!) kl. 11-17 desse helgene, og kvar laurdag vil me presentere lokale bedrifter og utøvarar av tradisjonshandverk, som stiller ut varer og produkt for sal og bestillingar. Øyskogen vil vere open for alle besøkande desse dagane!
Utstillinga i museumsbygget er basert på boka «Red River Girl» og fortel historia om ein familie som utvandrar frå Fyresdal til Amerika i 1860. Der blei dei grunnleggjarar av «Buffalo River Settlement», ikkje langt frå dagens byar Fargo og Moorhead, i 1871. Historia er fortalt gjennom bilete laga av kunstnaren Orabel Thortvedt som er 3. generasjon innvandrar i denne familien.

I dag kan du møte Andreas Valebjørg og Odd Jørgensen.
Valebjørg Design AS blei starta og drivast av Andreas Valebjørg i Fyresdal. Han samarbeider med bror Stian Valebjørg, og saman jobbar dei med kunst og designprosjekt i tre, stål, glas og betong - frå idé til ferdig produkt. Alt blir lagd for hand i ein kvalitet som varer i generasjonar.

Instagram: stian_valebjorgdesign
Web: www.valebjorgdesign.no

Bilethoggar Odd Jørgensen er busett i Marnardal der han og har sitt atelier. Han har i 25 år livnært seg av ulike kreative prosjekt for museum og attraksjonar. Arbeider i mange ulike materiale, med tre som favoritt. De siste åra har han lagd eigen kunst med tanke på utstillingar i ulike galleri. Han uttrykkjer seg for det meste i naturtru former med varierande tema. Leikar seg óg i det abstrakte og er på stadig jakt etter nye formar og uttrykk i grensesnittet mellom det tradisjonelle og moderne.

Instagram: odd.jorgensen
Web: www.oddjorgensen.no

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Øyskogen (27 Jul 2024)
DagTider
Lørdag11:00 - 17:00

Også i nærheten

  1. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal Bygdemuseum blei skipa i 1909 og er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er…

    264 m Unna
  2. Thor Fine Art Gallery

    Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…

    21.08 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    21.19 km Unna
  1. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    25.61 km Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    26.27 km Unna
  3. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    29.19 km Unna
  4. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    29.34 km Unna
  5. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    29.35 km Unna
  6. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    29.89 km Unna
  7. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    30.14 km Unna
  8. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    31.06 km Unna
  9. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    31.55 km Unna
  10. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    31.61 km Unna
  11. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31.76 km Unna
  12. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter i museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    31.79 km Unna
  13. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    32.31 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av