I dag opnar Vest-Telemark museum for sesongen! Her er dagens program:
10.00 Museet opnar dørene til vanleg tid
13.00 Ingers buffet i kafeen
14.00 Velkomen og orientering om årets sesong, ved museumsdirektør Dag Rorgemoen
Om fornyinga av folkekunstutstillinga, ved formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein
Om kunstutstillinga i foajeen, ved kunstnar Mona Stenseth
14.20 Musikkinnslag med Ånund Nordstoga Torgersen frå Vinje
14.40 Føredrag ved Peter Fjågesund: «Frå natur til landskap. Turistane oppdagar Telemark». Høve til spørsmål etter føredraget
15.30 Omvising i temporærutstillinga «LandSkapLand», knivutstillinga og i den fornya folkekunstutstillinga.
Inngang: Vanleg museumsbillett
NB: Museet i Eidsborg vil ha ope kvar dag etter denne datoen, fram til 15. september.
Litt meir om årets temporærutstillingar:
LandSkapLand
Tidleg på 1800-talet kom dei første turistane til Noreg: kunstnarar, byborgarar og aristokratar frå Europa som hadde tid og ressursar til å reise - ikkje for å kome frå A til B, men for å få opplevingar undervegs. I Telemark fann dei natur som svara til tidas romantiske kjensler - overveldande fjell, fossar og fjordar, i kombinasjon med eit folkeliv som var urørt av industrialiseringa.
Korleis blei brysam og vill natur skapt om til kjenslefullt landskap? Målarane - og etter kvart fotografane - sette standarden. Dei såg naturen gjennom Claude-spegel, fotolinser eller gjennom glasa på båten eller karjolen. Naturen blei måla og fotografert med ramme rundt, og ein søkte perfekt balanse mellom det overveldande (sublime) og det idylliske (pittoreske). Gjennom å vere på reise kunne turistane kople naturen frå dagleglivet, og opphøgje den til noko større. Og er det ikkje slik framleis?
Utstillinga freistar å vise korleis dette gjekk til. Ein får sjå eksempel på romantiske framstillingar av Telemarksnaturen, og effekten ei ramme har på eit panorama. Og korleis landskapet arta seg frå innsida av ein dampbåt på Telemarkskanalen.
Salsutstilling med verk av Mona Stenseth
I sesongen 2024 har me gleda av å vise biletarbeid av Mona Stenseth i foajeen på Vest-Telemark museum Eidsborg. Kunstnaren planlegg å setje saman ei lita salsutstilling med både måleri og D.G.A kunsttrykk (Digital Grafisk Arbeid).
Mona Stenseth nyttar biletkunsten som eit verktøy for sjølvransaking. Ho brukar symbol og metaforar i sitt uttrykk og søker ein djupare forståing av seg sjølv og kulturen/samfunnet ho lever i, gjennom bruk av olje, penslar og pigment.
Mona blei født i Fauske i Nord-Noreg, men har flytta fleire gonger rundt i landet. Ho har via tid til studier og arbeid i byar som Trondheim, Bergen og Oslo. I dag kallar ho Porsgrunn for sin heim, der ho har brukt dei siste åra på å djupdykke i identitet, folkekunst og særskilt det utdøande handverket rosemåling. Kulturarv som vi har med oss i ryggsekken, utan at vi heilt er klar over det sjølv.
Ho lengtar stadig etter ein permanent stad å kalle sin endelege heim, men samtidig stiller ho spørsmål ved om dette konseptet berre er ein illusjon. For sjølv om ho lett kan kjenne seg heime på kvar nye fysiske bustad, vil den djupe kjensla av tilhøre måtte jaktast på i seg sjølv.
Med introspektiv refleksjon prøvar ho å betre forstå og forklare dette ibuande menneskelege behovet; å høyre til.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…