Daniel Høstberger er til dagleg bonde i Mo og driv på gamle måten. Han brukar gjerne hest og gamalt utstyr, mjølkar for hand og foredlar det han haustar. Om sommaren er han óg «museumsbonde» på museet i Eidsborg. Han opparbeider åkrar, sår og haustar. Daniel har sett opp humlestaur og kornband på staur.
I løpet av sommaren kan du oppleve forskjellige aktivitetar ute på jordet eller ved husmannsplassen. Hesten vert bruka flittig mellom anna til pløying og framkjøring av tømmer.
På åkeren dyrkast ulike grønsaker og korn, som til dømes potet og gulrot, lauk og nepe, gråert og bondebønner, kålrot og kål. Her er byggåker og linåker.
Det er mange som aldri har sett ein linåker og veit heller ikkje kvar lin kjem frå. Daniel kan formidle kunnskap om gamal tradisjon knytt opp til dagens bruk av lin. Han og hans medhjelparar svarar også på andre spørsmål knytt til jordbruk basert på gamal kunnskap.
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Galleriet stiller ut fotografiske verk av fotograf Torleif Lie. Konseptuell kunst,…
Galleri Karen er eit galleri som ligg på Høydalsmo i Tokke Kommune. Det er Galleri,…
På Galleri Karen er det mulig å kjøpe flotte malerier og skulpturer, samt melde deg på…