Utforsk Telemark

EN

NO

Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

TypeMuseum

Smørklepp 92, 3893, Vinjesvingen

Legg Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle til i reiseruten din.

Fra NOK 50,00
Smørklepp kunstmuseum ein sommardag. Inneheld kunst av Harald Kihle og Henrik Sørensen, Vest-Telemark museum.
  • Smørklepp kunstmuseum ein sommardag. Inneheld kunst av Harald Kihle og Henrik Sørensen, Vest-Telemark museum.
  • Utsyn mot Ånundskarnuten frå Smørklepp kunstmuseum,  eit museum under Vest-Telemark museum.
  • Foto av Henrik Sørensen, Smørklepp kunstmuseum, Vest-Telemark museum.
  • Utstillingsrom med panoramavindauge på Smørklepp kunstmuseum. Vest-Telemark museum, Henrik Sørensen, Harald Kihle.
  • Frå utstillinga i Smørklepp kunstmuseum. Vest-Telemark museum, Henrik Sørensen, Harald Kihle.
  • Smørklepp kunstmuseum ligg omgjeve av skog.
  • Måleri av Harald Kihle på Smørklepp kunstmuseum, Vest-Telemark museum.
  • Smørklepp kunstmuseum, Vest-Telemark museum, Henrik Sørensen, Harald Kihle.
  • Frå utstillinga på Smørklepp kunstmuseum. Vest-Telemark museum, Henrik Sørensen, Harald Kihle.
  • Fotografi av Henrik Sørensen saman med to kivnner. Smørklepp kunstmuseum, Vest-Telemark museum.
  • Sørensenstoga ved Smørklepp kunstmuseum. Vest-Telemark museum, Henrik Sørensen, Harald Kihle.
  • Detalj av Kihle-måleri på Smørklepp kunstmuseum. Vest-Telemark museum, Henrik Sørensen, Harald Kihle.
  • Interiør Søren-stoga, Smørklepp kunstmuseum.

Om

I 1927 var kunstnaren Henrik Sørensen på leit etter ein fast arbeidsstad i Telemark. Ein kveld kom han med bussen frå Dalen til Vinjesvingen. Her trefte han Olav N. Negarden for fyrste gong og fekk losji på garden hans. Dette blei starten på ein livslang venskap. I 34 år vende Sørensen attende til Smørklepp og Noristog Negarden, der han etter kvart fekk innreidd eldhuset til atelier. Frå tunet på Negarden kunne Sørensen sjå yndlingsmotivet sitt, fjellet Ånundskarnuten.

Midt i dette «målarlandskapet» finn du i dag eit særprega galleri i naturstein med ei stor samling av måleria til Sørensen. Galleriet sto ferdig i 1991 og er teikna av den kjente arkitekten Bjart Mohr. Det var sonen til Henrik Sørensen, Sven Oluf Sørensen, som tok initiativ til etableringa av både dette galleriet og Holmsbu billedgalleri i Hurum.

Namnet til galleriet var Vinje biletgalleri inntil 2022 då det blei døpt om til Smørklepp kunstmuseum.

Harald Kihle har óg fått sin plass i Smørklepp kunstmuseum. Sørensen og Kihle både arbeidde og budde mykje ilag i Smørklepp.

Henrik Sørensen (1882 - 1962)
Henrik Sørensen var ein kunstmålar som veksla mellom lyriske kvinneskildringar, religiøse bilete og dystre ekspresjonistiske krigsmåleri. Men framfor alt er han kjend for dei stemningsfulle naturskildringane frå Telemark. Han var elev av Matisse i perioden 1908 til 1910.

Henrik Sørensen utførde ei lang rekke offentlege dekorasjonar: Ullevål sjukehus, Linköping Domkirke, folkeforbundets palass i Geneve og Oslo Rådhus.

Les meir om Henrik Sørensen her: Eit langvarig kjærleiksforhold

Harald Kihle (1905 - 1997)
Harald Kihle er ein kunstnar som har tydd mykje for øvre Telemark. Han har i sine skildringar av folkeliv og natur vist oss «Det løynde Telemark» og lært mange å setje pris på kunsten.

Han er mest kjend for å bruke hestar i bileta sine. I tillegg har han skildra mange kjende telemarkingar frå segn og soger så som Guro Heddelid, Myllarguten, Storegut og Torbjørg Ripilen.

Du kan møte både Sørensen og Kihle i Sverre Samuelsens film Blant kunstnere i Telemark (1960)

Sørensenhytta

Sommaren 2023 opna Sørensenhytta som ligg rett ved museumsbygget. Hytta er nyoppussa og inneheld utstillingar og eit rom med nokre av dei gamle møblene og gjenstandane som fulgte med då hytta blei flytta hit frå Kyddingsmo i 2004. Henrik Sørensen kjøpte hytta i 1951, då var den drengestoge på Mo prestegard. Etter soga skal Torbjørg Ripilen – som song Draumkvedet for Moltke Moe i 1890 – ha budd i denne stoga når ho oppheld seg på prestegarden.

Det er vandrerute frå Mjonøy opp til museet.

Frå parkering opp til museet er det 400 metere skogsveg med litt stigning. For bevegelseshemma er det mogleg å køyre opp med bil, men vegen er steinete og ujamn.

Museet er diverre ikkje egna for rullestolbrukarar.

Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.

E-post: booking@vtm.no

Tlf: 35069090

Fasiliteter

Museum, gallerier og kunsthåndtverk

  • atelier
  • faste utstillinger
  • malerier
  • omvisning etter avtale
  • omvisning i åpningstiden

Rabatter

  • barnerabatt
  • familierabatt
  • grupperabatt

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
Born 6-15 årNOK 50,00 pr. person
FamiliebillettNOK 250,00 per dag
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr 800,-NOK 80,00 pr. person
Honnør/studentNOK 80,00 pr. person
VaksenNOK 100,00 pr. person

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

+47 35069090

Åpningstider

Sesong (25 Jun 2025 - 15 Aug 2025)
DagTider
MandagStengt
Tirsdag - Søndag11:00 - 17:00

* Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.

Også i nærheten

  1. Myllarheimen

    Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best…

    14.85 km Unna
  2. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    15.33 km Unna
  3. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    15.45 km Unna
  1. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    19.90 km Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    23.49 km Unna
  3. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    23.63 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    23.62 km Unna
  5. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    23.66 km Unna
  6. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    23.80 km Unna
  7. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    23.90 km Unna
  8. Mariannes Galleri & Atelier

    I Mariannes Galleri & Atelier finner du et skattekammer av kreative redesign i…

    24.21 km Unna
  9. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    25.07 km Unna
  10. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    25.60 km Unna
  11. Telemarkskanalen

    Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».

    25.86 km Unna
  12. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    25.85 km Unna
  13. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    27.87 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av