Den vesle bygda Seljord ligg vest i Telemark, midt mellom fjell og vakker natur. For natur- og friluftsinteresserte byr bygda på badestrender og turterreng i skog og fjell. Seljord er handelssenteret i Vest-Telemark og eit trafikknutepunkt mot både Oslo, Bergen, Grenland og Torp. Til dagleg er Seljord ein liten stad med i underkant av 3 000 innbyggarar fordelt på 711 kvm, men gjennom sesongen blir kommunen fylt opp med fleire hundre tusen turistar. Dei kjem ofte i samband med eit av dei mange arrangementa på Dyrskuplassen, eller for å oppleve den fantastiske naturen.