Seljord er ein kommune i hjartet av Telemark. Han grensar til Tinn i nord, Hjartdal, Notodden og Bø i aust, Kviteseid i sør og til Tokke og Vinje i vest. Seljord sentrum ligg mellom foten av Skorve 1370 m.o.h og Seljordsvatnet med den berømte sjøormen. Dette gjer at Seljord er eit fantastisk utgangspunkt dersom ein ønsker å feriere i øvre Telemark. Om sommaren kan ein bade på nydelege strender, gå og sykle og det er kort veg til det meste.