I Seljord er det mange plassar å overnatte, alt frå store, fine campingplassar i naturskjønne område til hytter og ferieleilegheitar i privat regi. Seljord Hotell er eit av dei Unike og har både sjel og spøkelse seies det. Nutheim gjestgiveri ligg rett nedanfor Kongehella i Flatdal. Då kong Oscar var på ein av sine turar til Noreg i 1870, stoppa fylgjet her. Kongen skua ut over Flatdal og hevda at utsikten var den vakraste han nokon gong hadde sett. På Nordigard Bjørge nær Seljord sentrum kan ein oppleve bondeidyll på nært hald i eit gjestehus.