Utforsk Telemark

EN

NO

Sogevegen om Nutheim

TypeStatuer/skulpturer

Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Sogevegen er ein flott, alternativ rute gjennom det vakre landskapet i Hjartdal og Seljord, krydra med spennande sykkelavstikkerar og stoppepunkt. Namnet speglar innhaldet langs vegen. Både infrastrukturen og aktørane langs vegen har fokus på forteljingar - forteljingar om kva som har skjedd og om korleis vi framover kan ta vare på alt vi har rundt oss og behalde mangfaldet. Dette kjem også til uttrykk gjennom kunst og kulturlandskap langs vegen.


Ta deg tid, enten på sykkel, til fots eller med bil, gjennom Hjartdal, Svartdal og Flatdal. La landskapet lede deg og nyt den mektige naturen. Følg elva Hjartdøla inn den trange og mystiske Ambjørndalen, se ur og nutar som reiser seg frå dalbotnen og elva som renn ut i stille, mørkt vatn i Flatsjå. Hjartdal Nordbygd og Svartdal er ein del av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Her finn du enger av villblomar, lauvingslier og eit artsmangfald utanom det vanlege. I nutar, skoger, hauger og dalar finns det gygrer og troll, tusser og huldrar. Det seier i alle fall folk her. Segn og forteljingar knytt til landskap og stadsnamn er ein viktig del av opplevinga her i bygdene. Trollbindande natur og det vakre blå lyset har leia ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal. Nutheim blei sjølve samlingsstaden, kunstnarhotellet som ga inspirasjon og arbeidsro. Ta deg tid til ein lunsjpause her, vertskapet delar gjerne familiehistorien om Nutheim og segn frå bygda. Andre fine stoppestader langs ruta er Bygdemylla i Hjartdal, der du kan ta deg eit bad i fossen, lauvingslia på Myljom-To med dei vakre styvingstrea, og spinneriet i Svartdal der du kan kjøpe med deg lokalprodusera garn.

Fasiliteter

Adgang /Tillgang

  • turstier- merkede

Aktiviteter

  • natursti
  • sykkeltur
  • sykling
  • turstier

Sportsaktiviteter

  • sykkelveier

TripAdvisor

Kart

Kontakt

350 50 400

Ikke gå glipp av