Om

Lansering av «Ole Blom – Dagbøker og brev 1834-1846».  

Boka er tredje bind i serien basert på Ole Bloms dagbøkar, og produsert i samarbeid mellom Vest-Telemark museum og Kviteseid historielag. 

Bind 3 fyller tidsrommet mellom 1834 og 1845 som mangla i den fyrste utgåva frå 2016.

PROGRAM
– Velkomen og song ved Johannes Skarprud, redaktør og leiar av Kviteseid historielag.
– «Ole Blom – En oplyst, frisindet og retskaffen Mand», kåseri ved museumsdirektør Dag Rorgemoen.

Boksal, kringle og kaffi. 
Gratis inngang.

Velkomen!