Jubileumskonsert i Gullbring
søndag 26. januar 2025 kl 1500
* Uranienborg vokalensemble, dirigent Elisabeth Holte
* Johanne Flottorp, hardingfele
* Samuel Axelsen-Lie, tuba
* Bø janitsjar, dirigent Sverre Jacobsen. Solister fra korpset: Hanne Oellingrath, fløyte og Kari Herdlevær, horn.
* Asgeir Sele, konferansier
Kjell Stundal fyller 80 år denne dagen, og Bø janitsjar vil gjerne vera med og heidra jubilanten ved å arrangere denne konserten på fødselsdagen hans. Det var Kjell som for 51 år sidan starta korpset, som då heitte Midt-Telemark ungdomskorps. Han dirigerte korpset dei første 20 åra. Dei siste 31 åra har han vore aktiv musikar, og i tillegg leiar og driftsansvarleg for korpset, som no heiter Bø janitsjar.
Bø janitsjar er i dag eit godt korps med 40 dyktige amatørmusikarar. På konserten vil korpset framføre eigne stykker, og dessutan akkompagnere fleire solistar. Musikalsk leiar er Sverre Jacobsen, som har dirigert korpset i heile 22 år. Sverre har musikkutdanning frå Universitetet i Stavanger, og er i dag tilsett ved Midt-Telemark kulturskule.
Uranienborg vokalensemble er eit av landets leiande kor, som held til i Uranienborg kirke i Oslo. Koret vart grunnlagt i 2002 av dirigenten Elisabeth Holte, og vil gjesta oss med ei eiga avdeling på konserten. Elisabeth kjem opprinneleg frå Sauherad. I oppveksten fekk ho piano-opplæring i den private musikkskulen i Gvarv, og var aktiv fløytist både i Gvarv skulekorps og Midt-Telemark ungdomskorps. Elisabeth er utdanna kyrkjemusikar og korleiar ved Norges musikkhøgskole, og er i dag tilsett som kantor i Uranienborg kirke.
Johanne Flottorp er ei velkjend hardingfelespelar med høg kompetanse på instrumentet sitt. Ho kjem frå Åmli, og bur no i Gvarv. Ho vil presentere kjende slåttar frå Telemark, solo og i samspel med korpset.
Samuel Axelsen Lie starta interessa si for tuba-spel i Bø skulemusikk og i Bø janitsjar. Han er no elev ved musikkgymnaset på Kongshaug, der han får høve til å vidareutvikle kompetansen sin på tuba. Samuel har også tidlegare vore solist med korpset.
For ti år sidan, då Kjell runda 70 år, oppretta han Fond for unge talent. Fondet har som mål å gi økonomisk støtte til unge musikkutøvarar som ønsker å vidareutvikle musikktalentet sitt. Eventuelle bursdagsgåver og konsertoverskot vil tilfalle dette fondet. Alle som vil bidra, kan nytte bankkontonummer 26.30.32.29387 eller Vippsnummer 750576.
Takk og velkommen til konsert!
STORSALEN (26 Jan 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Søndag | 15:00 | - 17:00 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…