ULD, Pumpegris og Ævestaden + Kanaan
Fredag 8. august 2025
Kroa i Bø, kl. 20:00 - 01:30
395,- inkl. bill.avg. (Ein billett for heile kvelden på Kroa i Bø)
Kl 20:00 - Dørene opnar
Kl 21:00 - ULD
Kl 22:15 - Pumpegris
Kl 23:30 - Ævestaden + Kanaan
Kl 01:30 - Dørene lukkast
DJ Daeva snurrar platar i pauser og i slutten av kvelden
ULD - gruppa alle snakkar om!
ULD startar det som garantert vert ein festkveld av rang på Kroa i Bø. ULD er ein fersk trio som består av Une på vokal, Lucia på piano og Dagny på trekkspel som på kort tid har blitt ein av dei store snakkisane i musikk-Noreg med konsertar på fleire store festivalar i sommar. Me er glade for at Telemarkfestivalen er ein av dei. Etter å ha gått tre år på vidaregåande i lag byrja dei først å jamme saman på Toneheim folkehøgskule. Og det kan ein trygt seie har funka veldig bra!
Sidan har dei å bryggja og hygga seg med å lage og spele musikk. Dei skriv dei nære og ærlege tekstar og som vert tonesett med nydelege harmoniar og melodiar frå hjarterota. Besetninga gir musikken eit heilt eige uttrykk, som ikkje lett lar seg beskrive av sjanger, men sjølv seier dei at dei ofte blir dregne mot eit slags indie-visepop-folkemusikkformat.
I tillegg til å skrive eigne tekstar, er dei også inspirerte av norske lyrikarar, som Jon Fosse og Gunvor Hofmo, og prøver å vekkje nytt, moderne liv til deira sterke dikt. ULD bryggjer på noko veldig bra, og me gleder oss stort til fortsetjinga. Det er knytt store forventningar til debutplata som ventast å kome hausten 2025.
Medverkande:
Una Lorentze Onarheim – vokal
Lucia Andreadatter Utnen – piano
Dagny Braanen Lindgren – trekkspel
Uma Morelia Reksten - kontrabass
Petter Blom - trommer
PUMPEGRIS - steinharde slåttar og gode vibbar
Folkemusikk-fenomenet Pumpegris tek med seg ei strålande debutplate til Kroa i Bø med dansbare og fengjande låtar baserte på norsk folkemusikk, pop, punk og vestafrikansk musikk. Tekstane er brutale, såre og humoristiske, og skildrar skeiv kjærleik, korleis det er å vere ung kvinne og oppvekstens mange vaksesmertar. I ein konsert med Pumpegris leggjast alt rette for spinnvill dans med feite låtar, steinharde slåtter og grove tekstar, der vokalist Vera Sonne lene seg mot alt frå kveding til rap, med andre ord det som til ei kvar tid fangar folkemusikkens dansande driv. I tillegg hentar Pumpegris inspirasjon frå funk, shoegaze, visepop og hiphop og tek fatt på alle tradisjonane med god pondus. Slik tek dei folkemusikken med inn i noko nært, skittent og groovy. Pumpegris er komen for å spreie den norske kulturarven med fest og faenskap, akkurat slik den oppstod. Med høg stemning og låge akslar tek dei folkemusikken til nye høgder!
Medverkande:
Vera Sonne – vokal
Astrid Garmo – fele, gitar, synth
Trygve Liahagen – fele
Mikkel Bjørneboe – bass
Jon Espelid – trommer
Ævestaden + Kanaan - eit uforgløymeleg musikalsk klimaks
To mektige, unge band slår sine musikalske og kreative krefter saman med eit heilt unikt musikalsk resultat. Den psykedeliske power-trioen Kanaan og folkemusikk-innovatørane i Ævestaden er begge blant landets travlaste og mest hylla orkester.
Ævestaden er kjent for å blande tradisjonell folkemusikk med elektroniske impulsar, og skapar eit kraftfullt, melodisk uttrykk med svevande og finurlege tekstar som fortel historier som rører både hjarte og sjel.
Kanaan tek publikum med på ein psykedelisk reise gjennom improvisasjon og eksperimentelle lydlandskap. Med element frå jazz, prog- og krautrock skapar dei tette rytmar og uventa dynamikk som utfordrar og engasjerer.
Saman kjem til Kroa i Bø med ein av 2024 råaste utgjevingar; «Langt, langt vekk» - ein heilt eineståande plate. Det er kompromisslaust, dvelande og progressivt. Ikkje minst viser det ein imponerande heilskap, gjeve dei to banda sine svært ulike musikalske utgangspunkt. Feler, kuhorn, kraviklyre, munnharpe, synther, fleirstemse kor, tunge gitarar og ei tordnande rytmeseksjon. Saman på scena vil Ævestaden sine jordnære tonar og Kanaan sine psykedeliske improvisasjonar gi publikum ein unik oppleving. Det blir ein kveld der tradisjon og eksperimentering møtast til eit uforgløymeleg musikalsk klimaks.
Medverkande:
Ævestaden
Kenneth Lien – kraviklyre, munnharpe, vokal, fele
Levina Storåkern – kuhorn, fele, kantele, vokal, elektronikk
Eir Vatn Strøm – vokal, kraviklyre, elektronikk
Kanaan
Ask Vatn Strøm – gitar
Ingvald André Vassbø – trommer
Eskild Myrvoll – bass
DJ Daeva snurrar plater i Intimen gjennom kvelden!
DJ Daeva kjem attende til Telemarkfestivalen 2025. Ho er ein anerkjend DJ, kunstnar og aktivist fødd og oppvaksen i Teheran. Med ein lidenskap for musikk og djup forståing for korleis musikken samlar menneske, inviterer ho til eit danse-eventyr på tvers av alle sju kontinent. Ho har vore DJ i 20 år og har spelt på Cosmopolite, Blå, Nasjonalmuseet, Riksscenen, Munchmuseet, Oslo Pride og mange fleire. I 2024 fekk ho dansegolvet på Kroa i Bø til å koke!
Velkomen!
-------------------------
Aldersgrenser
Born til og med 14 år har gratis adgang.Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar.Alle born under 18 år må komme i følgje med ansvarleg vaksen.
I utgangspunktet så er alle arrangement på Telemarkfestivalen opne for personer under 18 år, men dei må då vere i følgje med ein ansvarleg vaksen der det serverast alkohol. Den ansvarlege vaksne kan ikkje nyte alkohol sjølv så lenge han eller ho er ansvarlege – det vil vere veldig uansvarleg. Med ansvarlig vaksen meinast forelder eller andre i same generasjon. Kompisen på 19 år kan altså ikke reknast som ein ansvarleg vaksen for personen som er under 18.
Send e-post til post@telemarkfestivalen.no om du har andre spørsmål knytt til aldersgrenser i samband med festivalen.
Kroa i Bø (8 Aug 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Fredag | 20:00 | - 23:00 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…