Utforsk Telemark

EN

NO

Telemarkfestivalen 2025 | LaurdagsFOLK

TypeFestival

Gullbringvegen 34, Sandvin, 3800, Bø i Telemark

Legg Telemarkfestivalen 2025 | LaurdagsFOLK til i reiseruten din.

plakat til "Telemarkfestivalen 2025"

Om

Stein Torleif Bjella, Suigard, Embla & the Karidotters, Byting
Laurdag 9. august 2025
Sandvinparken, kl. 20:00
635,- inkl. bill.avg. (Gjeld for heile kvelden på Sandvin)395, - inkl. bill.avg. (Gjeld for Embla & the Karidotters og Byting) Kl 19:00 - Dørene opnarKl 19:30 - Suigard Kl 20:00 - Stein Torleif Bjella med band Kl 21:45 - Embla & the KaridottersKl 23:00 - Byting
Kl 01:00 - Dørene lukkast 


Obs! Konsertane i Sandvinparken er utandørs, men det vil vere stort publikumstelt på området. Viss det kjem heilt grueleg mykje regn vil konsertane flyttast inn i salen på Sandvin. SUIGARD - Sunniva med spennande duo!
Suigard er ein ny duo i spagat mellom tradisjon og nyskaping. Duoen består av Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar, og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele. Båe er studentar ved Noregs musikkhøgskule, der dei møttest hausten 2024 og raskt byrja samspelet. Suigard komponerer musikken sjølv, med eit særskild fokus på dansetakt. Repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt – noko som og speiler seg i ei litt uvanleg besetning. Med Suigard får du ei musikalsk oppleving i ny tradisjon - som får det til å rykkje i dansefoten.

Medverkande:
Sunniva Langås-Røiland – hardingfele
Vegard Hosarøygard – gitar
STEIN TORLEIF BJELLA - dei tause menns talsmann kjem endeleg attende til Bø!Stein Torleif Bjella er ein av landets aller største visekunstnarar med ei rekkje utgjevingar bak seg, som alle har hausta fantastiske kritikkar, og skaffa han trufaste fans over heile landet. I fjor sleppte Bjella albumet Nysetmåne til strålande omtalar. Parallelt med dette, stod han for musikalske arbeidet knytt til teaterframsyninga Heil Ved med mellom andre Per Anders Buen Garnås som bidragsytar. Framsyninga, der Stein Torleif Bjella også bidrar på scena, har blitt spelt for fulle hus på Det Norske Teatret sidan premieren.

Bjella gjorde seg for alvor merka med solodebuten Heidersmenn i 2009, og to år seinare innkasserte oppfølgjaren Vonde visu Spellemannprisen. Heim for å døy avslutta trilogien i 2013.

Etter dette har artisten frå Ål i Hallingdal sleppt dei kritikarroste studioalbuma "Gode Liv" og "Øvre-Ål Toneakademi", samt «Jordsjukantologien» - eit meir eksperimentelt spoken word improalbum.

"Eg ska kysse so Jesus gret" og "Psykisk kan du vera sjøl", syng Bjella. I musikken hans møtest ytterpunkta: Eit auge ler, eit gret. Sørgmodig glede og romantisk hjartesorg. Personane, skildringane og forteljingane vi møter i tekstuniverset. Våren 2025 vart heile Noreg betre kjend med Stein Torleif Bjella gjennom deltakinga i «Hver gang vi møtes» på TV2. Her leverte han spenstige og flotte tolkingar av låtar frå dei andre deltakarar som me garantert får høyre eit par av i Sandvinparken denne laurdagskvelden.

Medverkande:
Stein Torleif Bjella – gitar, vokal
Eirik Øien – bass
Kenneth Kapstad – trommer
David Wallumrød – tangentar
Geir Sundstøl – gitarar
EMBLA & THE KARIDOTTERS - perfekt for en laurdag!
Dyret er laus og bandtvangen er oppheva. Embla & the Karidotters er klare med sitt andre album! Debuten «Hello, I'm Embla» vann Spellemannprisen i country og tok bandet Norge rundt og vidare ut i den store verda. Korleis følgjer ein opp noko slikt?

Med MEIR, sjølvsagt. «Off Leash» er rett og slett betre, tøffare og råare. Det stjernespekka bandet let sylskarpt og dei har blitt ordentleg varme i countryskjorta. Andrealbumet Off Leash vart sleppt i 2024 og vidareførar bandets røffe honkytonk noir-lydbilete med subtile hint til Ennio Morricone, Nancy Sinatra og David Lynch-filmar.

Embla & the Karidotters er bandprosjektet til Razika-trommis Embla Karidotter. Etter at Razika blei lagt på is, samla Embla sine «Karidotters» frå kringliggjande band som Razika, Honningbarna, Sløtface, Slomosa og Aiming for Enrike.

Medverkande:
Embla Karidotter – gitar, vokal
Marie Moe –  bass, kor
Simen Følstad Nilsen – pedal steel, gitar, piano og kor
Nils Jørgen Nilsen – trommer
Benjamin Rø Haavelsrud – gitar, kor

BYTING - Lyden av Midt-Telemark
Thomas Helleskås og resten av Byting er i toppform, og denne kvelden kjem dei heim til Bø Sandvinparken med ny musikk. Med tekster på klingande bøhering og hardingfela sentralt i lydbiletet er det nærliggande å omtale Byting som sjølve «lyden av Midt-Telemark». For publikum i Midt-Telemark treng ikkje Byting nokon nærare presentasjon, men om ein vil gjere eit forsøk på plassere Byting i ei musikalsk bås kan ein kanskje føreslå telemarkana?  Alktså americana og viserock med ein tydeleg Telemark-signatur. Med vokalist Thomas Hellekås i front presenterer Byting sterke og ærlege tekstar om sjølvopplevde hendingar i livet – på godt og vondt.
Medverkande:  
Thomas Hellekås – gitar og vokal                                                  
Trygve Liahagen – feler og kor
Jonas Dyrstad Valber – gitarer, mandolin, banjo og kor          
Eirik Ask – tangenter, trekkspill og kor
Sindre Bakkåker – trommer, mandolin og kor                                            
Jørgen Haugland – bass og kor

Velkomen! 

------------------------------

Aldersgrenser
Born til og med 14 år har gratis adgang.Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar.Alle born under 18 år må komme i følgje med ansvarleg vaksen.
I utgangspunktet så er alle arrangement på Telemarkfestivalen opne for personer under 18 år, men dei må då vere i følgje med ein ansvarleg vaksen der det serverast alkohol. Den ansvarlege vaksne kan ikkje nyte alkohol sjølv så lenge han eller ho er ansvarlege – det vil vere veldig uansvarleg. Med ansvarlig vaksen meinast forelder eller andre i same generasjon. Kompisen på 19 år kan altså ikke reknast som ein ansvarleg vaksen for personen som er under 18.

Send e-post til post@telemarkfestivalen.no om du har andre spørsmål knytt til aldersgrenser i samband med festivalen.

TripAdvisor

Kart

Sjekk tilgjengelighet forTelemarkfestivalen 2025 | LaurdagsFOLK (Åpnes i et nytt vindu)

Kontakt

Åpningstider

Sandvin (9 Aug 2025 - 10 Aug 2025)
DagTider
Lørdag19:00 - 01:30

Også i nærheten

  1. Bø Sommarland - Skandinavias største badeland!

    Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…

    4.20 km Unna
  2. Evju Bygdetun

    Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…

    5.71 km Unna
  3. Fruktbygda

    Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…

    6.76 km Unna
  1. Kjeldal sluse

    I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…

    13.08 km Unna
  2. Ulefos Hovedgaard

    Ulefos Hovedgaard - et hvitt smykke midt i Telemark

    17.27 km Unna
  3. Romnes middelalderkirke

    Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…

    17.41 km Unna
  4. Øvre Verket

    Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…

    18.20 km Unna
  5. TRE

    Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…

    19.44 km Unna
  6. Notodden Blues Festival

    Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…

    19.53 km Unna
  7. Heddal Stavkirke

    Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…

    19.90 km Unna
  8. Heddal Bygdetun

    På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…

    20.07 km Unna
  9. Gea Norvegica Unesco Global Geopark - Fensfelt

    Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.

    20.39 km Unna
  10. Telemark Kunstmuseum

    Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…

    20.82 km Unna
  11. Verdensarvsenteret

    Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…

    20.82 km Unna
  12. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    24.76 km Unna
  13. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    25.64 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av