Mattis Kleppen & Knut Reiersrud + Andrea Søgnen
Laurdag 9. august 2025
Konsertlåven i Nordbøvegen 10, kl. 15:00
335,- inkl. bill.avg.
Strengemagi på Konsertlåven
Strengemagikarane Mattis Kleppen og Knut Reiersrud møtast på scenen for å skape det som garantert vert ei musikalsk høgtidsstund i lag. Det er faktisk første gong desse fantastiske to musikarane deler scene, og forventningane er naturleg nok høge.
Mattis Kleppen, kjent for sitt unike slåttespel på bass, har lenge vore ein viktig og ettertrakta musikar på den norske jazz- og folkemusikk-scena. Knut Reiersrud er ein gitarist med eit heilt unikt særpreg, og han leikar seg med både blues, rock, folkemusikk og improvisasjon! Begge to har ein distinkt og sjelfull tone og ein improvisatorisk friheit som opnar for uventa musikalske vendingar. Denne konserten er eit møte mellom to sterke personlegdomar i musikkverda – to artistar som både kan spele med djup uttrykksevne og med glitrande teknikk, men også utforske det ukjende gjennom improvisasjon og spontanitet. Når dei møtast i Konsertlåven vil det ikkje berre vere ei konsertoppleving, men ei høgtidsstund med utforsking av kvarandre sine musikalske univers!
Andrea Søgnen opnar!
Før konserten med Mattis Kleppen og Knut Reiersrud vert det oppvarming med Andrea Søgnen. Andrea Søgnen frå Hallingdal representerer neste generasjon langeleikutøvarar. Andrea speler primært slåttar i Hallingdal-tradisjon, men har òg repertoar frå Valdres og Telemark. Ho har stor interesse for overføring av slåttar frå hardingfele og kveding til langeleiken, og arbeider med å utvikle og vidareføre både eldre og nyare spelestil med mål om å framheve større delar av instrumentet sine klangar og moglegheiter.
Medverkande:
Andrea Søgnen – langeleik
Knut Reiersrud – gitarar
Mattis Kleppen – bassVelkomen!
Hefre sin konsertlåv (9 Aug 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Lørdag | 15:00 | - 17:00 |
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Evju bygdetun har eit vakkert og stort tun, omkransa av 1700-talls bygningar: Våningshus,…
Velkommen til Fruktbygda. Her finner du blant mye godt og vakkert Norges beste eplemost,…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…
Middelaldersmykket – i hjertet av UlefossI naturskjønne omgivelser, vakkert beliggende på…
Øvre Verket er en samling freda arbeiderboliger knyttet til Ulefos Jernværk, og er et…
Erik Pirolts «TRE», en 10,5 m ståltreskulptur på Industripromenaden, gjenspeiler lokal…
Notodden Blues Festival er Norges største bluesfestival, og viden kjent som “Europas…
Bli med inn i Norges største stavkirke, Heddal Stavkirke, den vakreste av dem alle! Du…
På Heddal bygdetun får du blant annet se hvordan norske hus har forandret seg over tid,…
Utforsk Gea Norvegica Geopark på egenhånd, eller bli med på en guidet tur.
Telemark Kunstmuseum viser kunst i en vakker industrihall og tilbyr morsomme aktiviteter…
Et besøk på Verdenarvsenteret Rjukan-Notodden industriarv gjør deg bedre kjent med…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…