Om
Ta deg ei pause og nyt deilig mat i kafeen på Norsk Skieventyr.
Kafeen har ope i museets hovudsesong mellom 1. mai og 15. september. Kafeen kan óg ta i mot gruppebestillingar utanom sesong.
I tillegg til kafédrift finst det eit lite «landhandelhjørne» som har småskala produkt med gode smakar:-)
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt i kafétilbodet i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet finst det benkar og bord, og der er...Les mer
Om
Ta deg ei pause og nyt deilig mat i kafeen på Norsk Skieventyr.
Kafeen har ope i museets hovudsesong mellom 1. mai og 15. september. Kafeen kan óg ta i mot gruppebestillingar utanom sesong.
I tillegg til kafédrift finst det eit lite «landhandelhjørne» som har småskala produkt med gode smakar:-)
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt i kafétilbodet i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet finst det benkar og bord, og der er du velkomen til å slå deg ned.
Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
Ynskjer du å ha selskap på Norsk skieventyr har me lokale som er mogleg å nytte til ulike samankomstar. Treng du møterom til lunsjen kan me tilby rom med plass til opptil 14 personar.
KONTAKTINFORMASJON: tlf. 35 06 89 00, eller send ein e-post til morgedalhotel@unikehoteller.no
Det finst ein eigen meny for grupper/turoperatørar. Gruppemeny gjeld for grupper på minimum 10 personar, der heile gruppa bestiller same meny.
Velkomen!
Les mindre