Ta deg tid, dette er ikkje ei transportetappe! Reisa gjennom Sogelandet i bygdelaga Hjartdal, Svartdal og Flatdal passar til eit tempo der du får sett og tatt inn over deg storslått natur og gamle kulturlandskap. I nutar, skogar, haugar og dalar finst det gygrer og troll, tussar og huldrer. Det seie i alle fall folk her. Segn og forteljingar knytt til landskap og stadnamn er ein viktig del av opplevinga her i bygdene. Dette landskapet har inspirert kunstnarar i generasjonar. Trollbindande natur og det vakre blå ljoset har leidd ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal.
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du utover Flatdal og inn i Skorveveggen. Den grøne dalbotn er ei elveslette, i enden ser du innsjøen Flatsjå. Busetjinga vart samla i Flatdalslandsbyen, der det ligg 10 gardstun og Flatdal kyrkje frå 1654. Slik løyste ein at nedste del av dalen ofte vart liggjande under vatn om det var flaum.
Det vesle utsiktsbygget som nå har kome her, rammar inn den vakre utsikten. Opplevinga av å gå ut på utstikkaren gjennom ei ramme som endrar seg frå liggande til ståande, synleggjer dramatikken i landskapet med den flate, grøne dalbotnen og den bratte, blå Skorveveggen på ein ny måte. På andre sida av vegen er det lagt til rette for parkering både med bil og sykkel, og eit lite toalettbygg har kome opp. På veggen der finn de kart og informasjon som viser sykkelruter og stoppestadar. Bekken som kjem ned frå berget bakom har fått eit mura utløp der trøtte syklistar kan bade føtar.
Nutheim Galleri
I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…
Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…
Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…
Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…
Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Tuddal bygdetun er et idyllisk tun som ligger i Hjartdal kommune. Her kan du bli bedre…
Hardangervidda Nasjonalparksenter har en prisbelønnet interaktiv utstilling om natur og…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…