Utforsk Telemark

EN

NO

Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Opningsarrangement på Vest-Telemark museum Eidsborg til i reiseruten din.

Utstillingsplakat for Revefeber - pelsdyrnæringa gjennom 100 år, Vest-Telemark museum.

Om

Velkomen til markering av sesongopning på Vest-Telemark museum!

Innleiing ved museumsdirektør Dag Rorgemoen
Musikalsk innslag: Hallvard N. Jørgensen
Presentasjon av årets temautstilling: Revefeber! Pelsdyrnæringa gjennom 100 år. Å produsere ei utstilling om eit konfliktfylt tema ved samlingsansvarleg Benedikte Nes.

Ordførar i Nissedal, Ian Perry-Jones, opnar utstillinga.

Buffet i kafeen.

Museumsbutikk og utstillingar er opne frå kl. 10.00.

Inngang: Vanleg museumsbillett.

NB: Sesongen ved Vest-Telemark museum startar torsdag 1. mai, ope kl. 10.00-17.00 kvar dag. 15. september er siste ordinære opningsdag i sesongen. 

 

Meir om årets temporærutstilling: 

Bruk av pels er omdiskutert, og dyrevelferd eit tema som gjerne skapar debatt, men å halde dyr for pelsen si skuld er no eit avslutta kapittel i Noreg. Stortinget har fatta vedtak om avvikling av næringa, med 01.02.2025 som endeleg sluttdato. Debatten i forkant av vedtaket var langvarig og prega av sterke kjensler. Pels skapar framleis engasjement, med fleire nye saker i media som handlar om det å gå med brukte pelsklede.

Vest-Telemark museum har tidlegare gjennomført eit dokumentasjonsprosjekt med innsamling av arkivmateriale etter lokale pelsdyrorganisasjonar og gardar. Ei ny utstilling byggjer på dette materialet, men set lokal historie inn i nasjonal og internasjonal kontekst.

Dei vanskelege 1920- og 1930-åra råka bygdene i Vest-Telemark hardt. Då vart pelsdyr redninga for mange, anten som hovud- eller attåtnæring. For Telemark var det i 1939 så mange som 1250 gardar med pelsdyrproduksjon. Den nye næringa førte til mykje lokal aktivitet, innovasjon og utvikling. Det vart bygd utstillingshallar i Seljord, Treungen og Rauland, der ein tevla om kvalitet for livdyr og møtte folk.

Næringa var sterkt påverka av økonomiske konjunktursvingingar og av internasjonale trendar. Historia om ulike epokar i pelsdyrhaldet er spanande og fortel mykje om samfunnsutviklinga generelt på 1900-talet og fram til avvikling. I 2011 stod pelsdyrnæringa for 84 % av verdiskapinga i jordbruket i Nissedal. Ein av langveggene i utstillinga viser tidslinje med viktige hendingar og ein graf som illustrerer aktiviteten i næringa.

I eit eige rom får publikum høve til å gå inn i pelsdyrgarden og lære meir om arbeidet med dyra gjennom året. Her kan ein sjå bur, utstyr og skinn.

Ikkje minst vil publikum få høve til å sjå «verdas mest berømte rev» - Mons, stamfaren til alle platinarever. Mons blei til og med omtala i LIFE Magazine. Han er lånt inn frå Dyrøy kommune, som fekk han tilbake frå ein privat eigar i fjor.

Utstillingsprosjektet er støtta av Fritt Ord, og me er takksame for stor velvilje frå andre museer, privatpersonar og organisasjonar som har lånt ut foto, film og gjenstandar. Her må me særleg nemne Jærmuseet, som også har opna eigen utstilling om pelsdyrnæringa tidlegare i år.

Utstillinga er tilgjengeleg i museets opningstider mellom 1. mai og 15. september.

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Markering av sesongopning på museet i Eidsborg (4 Mai 2025)
DagTider
Søndag13:00 - 14:30

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    64 m Unna
  3. Stålekleivloftet - eit av verdas eldste trebygg

    Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
    Loftet…

    116 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    208 m Unna
  2. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    919 m Unna
  3. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    2.03 km Unna
  4. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    2.52 km Unna
  5. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    3.86 km Unna
  6. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.55 km Unna
  7. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  8. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.62 km Unna
  9. Vinjesenteret

    Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…

    20.23 km Unna
  10. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  11. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    20.94 km Unna
  12. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    22.59 km Unna
  13. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av