Vest-Telemark museum Eidsborg
TypeOpplevelsessenter
TripAdvisor Vurderinger
26 AnmeldelserTripAdvisor Vurderinger
26 AnmeldelserVest-Telemark museum Eidsborg byr på eit moderne museumsbygg, tun med over 30 hus og eit av verdas eldste trebygg, Stålekleivloftet frå 1167, og ikkje minst Eidsborg stavkyrkje som kan tidfestast tilbake til 1100-talet. Museet er eit flott utgangspunkt for å oppleve Vest Telemark sin rike kulturarv og tradisjonar.
Museet ligg strategisk plassert langs fylkesveg 450 like ved Eidsborg stavkyrkje og Vindlaus-gardane som har historie langt tilbake.
I museet som opna i juni 2012, finn du kafé, museumsbutikk og flotte utstillingar. I tillegg til museet kan du oppleve ulike tilbod for born, arrangement og konsertar eller gå ein av dei tilrettelagde turvegane med utgangspunkt frå tunet.
På museumsorådet ligg ein aktivitetspark med ein 105 m lang modell av Telemarkskanalen og ein husmannsplass med ulike handverksaktivitetar. Her er det ope mellom 15. juni og 15. august.
I museumsbygget finn du rike utstillingar som formidlar Vest-Telemark si kulturhistorie, og her finst mykje inspirerande folkekunst. Rosemåling, kanskje Noregs finaste knivutstilling og bygdekultur vert formidla i varierande og godt tilrettelagte utstillingar. Me har òg varierte temporære utstillingar.
Historia om Tokkeanlegget, som er ein viktig del av norsk krafthistorie, vert formidla i eiga utstilling, i tillegg til Statkraft sitt eige visingssenter som óg fortel om alternativ rein energiproduksjon.
Les også: Krafta som endra Vest-Telemark
Vidare i museet blir historia om den unike brynesteinen fortalt; frå tidleg vikingtid eksporterte ein brynestein frå brota i Eidsborg og ut til Europa. Det var vassvegen ned til Skien som var transportåra, og Eidsborgbryne vart tidleg ein viktig del av Nordsjøhandelen og vert rekna som vår fyrste eksportartikkel.
Me ynskjer og å formidle moderne kunst, kulturuttrykk eller lyfte fram særskilde tema. Det gjer me i vårt store temporære utstillingsrom på cirka 150 kvadratmeter, der me årleg presenterer nye utstillingar.
Mat
Vår kafé er open kvar dag i hovudsesongen, resten av året tar me i mot grupper på bestilling. Me serverar tradisjonelle rettar og meir moderne mat, alt laga på vårt kjøkken. Ynskjer du å ha selskap, konferansar, møter eller kurs har me gode lokale til fornuftige prisar. Me leverar også mat for catering.
Les meir om kafeen her
Turmogelegheiter
Er du glad i å gå tur, og kanskje vil lære litt historie i tillegg? Frå museumstunet i Eidsborg er det fleire tilrettelagte turar som er tilpassa din form og kondisjon.
Les meir her:
Brynesteinvandring
Rui-plassen
I tuna våre kan du lære om byggjeskikken til Vest-Telemark, og me har både rikmannsstoger og husmannstoger. Særskild har lafteteknikken vore dominerande her, og om du vil kan du sjølv få prøve deg! Me har laftesett der barn og vaksne kan byggje sine lafta hus, med rominndeling, døropningar og vindauge.
Velkomen til Eidsborg!
Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Born 6-15 år | NOK 70,00 pr. person |
Familiebillett | NOK 370,00 per dag |
Grupper min. 10 pers. Omvisargebyr kr. 800,- | NOK 120,00 pr. person |
Honnør/student | NOK 120,00 pr. person |
Vaksen | NOK 140,00 pr. person |
Med forbehold om prisendringer.
Ta av frå E134 i Høydalsmo og følg så Fv45 og skilting til Vest-Telemark museum Eidsborg og Eidsborg stavkyrkje. Frå Dalen kjører du Fv45 mot Høydalsmo. Sjå etter skilt til Vest-Telemark museum og Eidsborg stavkyrkje.
Sesong (1 Mai 2025 - 15 Sept 2025) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
* Omvising for grupper kan tingast heile året, så sant vér og føre tillet det.
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i…
I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…