Utforsk Telemark

EN

NO

Tveitgrendløypa

TypeVandring

Tveitgrendvegen 60, 3850, Kviteseid

Legg Tveitgrendløypa til i reiseruten din.

rasteplass med flott utsikt langs Tveitgrendløypa
  • rasteplass med flott utsikt langs Tveitgrendløypa
  • folk som går Tveitgrendløypa
  • rasteplass langs Tveitgrendløypa
  • flott utsikt fra Tveitgrendløypa
  • flott utsikt fra Tveitgrendløypa
  • 2 damer som nyter utsikten fra Tveitgrendløypa
  • gammelt hus som står langs Tveitgrendløypa
  • informasjonsskilt om Tveitgrendløypa

Om

I Tveitgrendløypa kan du enten gå rundløypa på 7,6 km,eller velje Veslerunden på 2,5 km. Du kan også forlenge turen med 1,9 km frå Heimdal opp til Haukstoga, eller ta kortare «sløyfer» og koma inn att på hovudvegen i Tveitgrend. 

​​​Løypa startar og endar her ved Grendehuset. Den går i vill, vakker og variert natur langs Bandak. Du vil raskt koma til flotte utsynspunkt og rasteplassar undervegs. På den lengste rundturen vil du passere fleire gamle husmanns­plassar og kulturminne.

Langs Bandak er det stupbratte fjellsider der gamal skog så vidt klorar seg fast. Vegetasjonen er svært frodig og variert med fleire sjeldne planter. På ein einaste dag i 1996 vart det talt opp 250 planteartar langs Tveitgrend­løypa (botaniker Inger Nordal).

Start med å gå til venstre langs den private grusvegen, ca 270 m. Der fortset du til venstre og fylgjer skilt og raude merke undervegs.
Etter 1,4 km kan du enten gå den lette veslerunden, som går i fin, gamal skog tilbake til Grendehuset, eller du kan ta rundløypa mot Heimdal. Her går stien i stigande og variert skogsterreng langs Bandak, og turen er middels krevjande.

På rasteplassen litt sør for Heimdal får du eit storslått utsyn utover Bandak og Kviteseidfjorden. Fortset nokre hundre meter til, og du er omlag halvvegs i rundløypa.

Her kan du velje å fortsetje turen vidare opp mot utsynspunktet Haukstoga, som formeleg «heng» loddrett om lag 500 m over Bandak. Utsikten er spektakulær med m.a. berghamaren St.Olavs skip og Kassen på andre sida av kanalen. Nyt den urørte villmarksnaturen rundt deg, men ver også forsiktig langs fjellsida her!

Ned att fylgjer du same veg tilbake til Heimdal. Derifrå går rundløypa nedover i skogsterreng, så på traktorveg fram til Flatin. Her fortset du eit par hundre meter langs hovudvegen, og tek til høgre ved Fentesvingen, inn i skogen og ned att mot Grendehuset.
Ta vare på denne vakre naturen. Me ynskjer alle ein fin og sporlaus tur.

Ansvarsfull ferdsel for å bevare naturen
Når du beveger deg i naturen, er det avgjørende å praktisere ansvarlig ferdsel for å bevare og respektere det naturlige miljøet. Dette inkluderer å følge oppmerkede stier for å unngå skade på økosystemene, ta med deg søppel og respektere lokale regler og restriksjoner. Sørg for å unngå å forstyrre dyrelivet, og vær oppmerksom på eventuelle spesielle hensyn knyttet til verneområder. Ved å være ansvarsfull i dine utendørsaktiviteter, bidrar du til å opprettholde skjønnheten og bærekraften til naturen, slik at kommende generasjoner også kan nyte den.

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 7,6 km

Gradering

  • middels

Målgruppe

  • Familie
  • Voksen

Natur og terreng

  • fjellterreng
  • kupert
  • skogsområde
  • utsikt

Sesong

  • mai - oktober

Varighet

  • Noen timer - 2,5 timer

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35 06 81 00

Også i nærheten

  1. Kviteseidbyen

    Opplev sjarmerende Kviteseidbyen ved Telemarkskanalen! Utforsk lokale kafeer, butikker og…

    2.23 km Unna
  2. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    6.13 km Unna
  3. Kviteseid gamle steinkyrkje

    Kviteseid gamle kyrkje ligg ved Kviteseid Bygdetun, og er ei steinkyrkje med m.a.…

    6.28 km Unna
  1. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    9.12 km Unna
  2. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    11.10 km Unna
  3. Dyrskuplassen

    Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode…

    12.82 km Unna
  4. Kikkeskåp, Guro Lomodden

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader rundt Seljord som…

    14.04 km Unna
  5. Seljord Kyrkje

    Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På…

    14.65 km Unna
  6. Sjøormtårnet

    Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og…

    14.74 km Unna
  7. Galleri Nutheim

    Nutheim Galleri
    I 1878 såg Galleri Nutheim dagens ljos. Der kan de sjå utstilling av…

    20.03 km Unna
  8. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    23.82 km Unna
  9. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    24.17 km Unna
  10. Fjoneferja

    Fjoneferja i Nissedal, MF Nissen, frakter passasjerer og biler over det vel 500 meter…

    24.59 km Unna
  11. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    25.18 km Unna
  12. Kulturlandskapssenteret i Telemark

    Kulturlandskapssenteret tek i mot grupper heile året, og har besøksdel på Holm landhandel…

    25.38 km Unna
  13. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    25.41 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av