Morten Slettemeås | Daylight Hours
Måleri
Morten Slettemeås er fødd i 1975. Han vaks opp i Gvarv i Telemark. Nå bur og arbeider han i Oslo. Slettemeås er utdanna ved Einar Granums Kunstfagskule, 1996-1998 og Statens Kunstakademi i Oslo, 1999-2003.
Slettemeås jobbar med måleri som vekslar mellom det figurative og det abstrakte, med referansar både til kunsthistoria, hendingar i samtida og populærkulturen. Ved å bruke eigne idéar og opplevingar og setje dei i samanheng med internasjonale hendingar, framstår arbeida som ei personleg historieforteljing . Fleire arbeid er inspirert av landskapsmålartradisjonen i Telemark, kombinert med impulsar frå den globaliserte verda.
Morten Slettemeås blir rekna for å vera ein spenstig kolorist, med sine ekspressive og fargesterke bilete, ofte i store format.
Han har vist verka sine i mellom anna Kunsthall Grenland, Telemark Kunstmuseum, Bomuldsfabriken i Arendal, Lillehammer Kunstmuseum, Haugar Kunstmuseum, Sørlandets Kunstmuseum, Stavanger Kunstmuseum og Stenersenmuseet i Oslo, Museo di Arte Contemporanea di San Luis Potosi og il Museo de Cancilleria i Mexico. Slettemeås er innkjøpt av mellom anna Sørlandets kunstmuseum, Malmø Kunstmuseum og Norsk kulturråd. I tillegg er han representert i privatsamlingar i Noreg, Danmark, Tyskland, Spania, Portugal og Mexico