Midt i Telemark, fylket som til alle tider har vore knytta til eventyr, folkeviser og fantasi, ligg Seljordsvatnet og ruger på ein stor hemmelighet. Kva er det eigentlig som gøymer seg under den blå overflata? I minimum 250 år har folk hevda å ha sett eit stort og ormliknande dyr i Seljordsvatnet. Den fyrste skriftlege omtala er frå 1750. Gunleik Andersson Verpe frå Bø rodde eit flyttelass frå Ulvenes til Nes. Midt ute på vatnet dukka det opp ein sjøorm som gjekk til angrep på den eine av dei to pråmane hans og velta den. Korleis det gikk med Gunleik Andersson Verpe seier sagnet ingenting om.
Nokon tiår seinare, i 1786, fortalte Hans Jacob Wille om ein merkelig skapning i boka, «Beskrivelse over Sillejords Præstegield i Øvre-Tellemarken i Norge». Wille seier ingenting om størrelsen på dyret, men den "skal være meget rar, men derhos den forgiftigste av alle. Den gaaer under Vandet, som en Aal, og for endeel Aar siden hug den en Mand i sin store Taae, medens han barbenet vadede over Laxhøl Elven". Seinare har fleire hevda at dei har rodd på sjøormen, andre at dei har sett eit stort dyr som har glidd ned i vatnet. Nokon seier at hovudet kan sammanlignast med hovudet til ei krokodille, andre har sagt at det liknar på hovudet til ein hest eller ein elg. Nokon ser eit dyr på få meters avstand, mens andre snakkar om lengder på både 30 og 40 meter. Det er snakk om svært mange observasjonar, i gjennomsnitt fleire kvar sommar. Dei siste tiåra har det vore mange observasjonar, og nesten alltid på den varmaste tida midt på sommaren.
Nå er ikkje sjøormar bare eit Seljords-fenomen. Sjøormar har vore observert praktisk talt over heile verda, og langs norskekysten har det i fleire hundreår blitt sett store og uforklarlige sjødyr. Kyststrekningen er spesielt rik på observasjonar, det gjeld òg i verdensmålestokk.
Olaus Magnus (1500-talet), Erik Pontoppidan d.y. (1700-talet) og mange andre har gitt til dels detaljerte og dramatiske beskrivelsar av korleis dei ulike skapningane såg ut. Ikkje minst frå 1800-tallet finns det mange observasjonar, mens det frå vårt eige århundre er heller få. Frå ferskvatn finns det fleire segn frå ymse stadar i landet, men i dag er det fyrst og fremst i Seljordsvatnet at folk stadig hevdar å sjå uforklarlege bevegelsar i vatnet.
Observasjonane i Seljordsvatnet reiser ei rekkje spørsmål: Kor sannsynleg er det at det kan finnast eit stort dyr i Seljordsvatnet?
Korleis kan eit slik dyr ha kommet dit? Og er Seljordsvatnet spesielt på nokon måte i forhold til andre middelstore innsjøar? Nokon enkle fakta om vatnet ser ikkje ut til å gje noko klart svar: det er ca. 15 kilometer langt og nesten to kilometer bredt på det breiaste. Det er ca. 150 meter djupt på det djupaste, mens gjennomsnittsdjubda er på mellom 50 og 75 meter. I norsk målestokk er Seljordsvatnet ein grunn innsjø. Ein kan òg nevne at vatnet ligg fleire mil frå havet.
Vitskapen er klar i si mening om at Seljordsvatnet umogleg kan innehalde ein sjøorm (dersom slike skulle finnast), det er to viktige grunnar til dette. For det fyrste tilseier størrelsen på vatnet at det er alt for lite til å kunne livnære eit dyr, og då helst ein familie av dyr, på ti, femten eller tjue meters lengde. Alt ein veit om kva slags plass ville dyr av ein viss størrelse treng, tilseier at Seljordsvatnet ville være som eit trongt, lite akvarium for ein fleire meter lang sjøorm. For det andre, fantes ikkje Seljordsvatnet for 10.000 år sida.
Til tross for desse argumenta mot at det skulle finnast ein sjøorm i Seljordsvatnet, held både fastbuande og turistar fram med å sjå merklege bevegelsar ute på vatnet. Oppmerksomheten rundt fenomenet vart ikkje mindre etter at den store internasjonale sjøormekspedisjonen sommaren 1998, der Discovery Channel kjøpte eksklusive rettighetar til å dekke søket etter ormen. Ekspedisjonen gjorde ikkje nokon sensasjonelle funn, men analysene frå dei registreringane som blei gjort er nå tilgjengelige, og dei inneheld meir enn nok til å halde mysteriet ved like, i alle fall dersom ein har tru…