Dyrskuplassen
Dyrsku- eller Fesjåplassen i Seljord har fått navn etter ein lang tradisjon med husdyrutstillingar som strekk seg tilbake til 1866. Arkeologiske funn vitnar òg om at sletta var ein sentral stad i jernalderen, kor dei eldste funna kan daterast til perioden før Kristi fødsel.
Kvart år er det arrangement frå Mai til September på Dyrskuplassen. Det er alt frå vårmarknad, bil- og bobiltreff til forskjellige festivalar
Vårmarknad 30.-31. mai 2025
Vårmarknaden på Dyrskuplassen i Seljord er staden å gå om du vil sjå flotte, amerikanske bilar og veterankøyretøy. Eller er du kanskje på leit etter antikvitetar, motordelar til den gamle bilen din, eller på utkikk etter noko heilt spesielt og unikt? Her kan du finne alt du treng – og litt til.
Countryfestivalen 23.-27. juli 2025
Nordens største countryfestival! Det er ein kjempefest med mykje liv og røre. Det er musikk frå forskjellige scenar heile dagen og i år kjem blant anna Gunslingers, Vassendgutane og Drake Milligan.
Dyrsku`n 12.-14.September 2025
Dyrsku`n har vore arrangert sidan 1866 og er Norges største handels- og landbruksmesse med om lag 90.000 besøkande. Dyrsku`n er staden dersom du ynskjer å oppleva kontrastar. Det er eit yrande tilbod av håndtverk- og tradisjonskunst. Du kan smake på det beste som finnes av lokalmat frå heile landet og oppleva mange forskjellige husdyr. På Dyrskun kan dei som likar fart og spenning oppleva Norges største tivoli, Lunds Tivoli og kose seg med sukkerspinn eller popcorn.
Dyrsku`n kan ikkje beskrivast – Dyrsku`n må opplevast.