I Bjørgefjell kan du velje ulike turstiar i kulturlandskapet. Langs stien er det flotte utkikkspunkt hvor du kan nyte panoramautsikta mot Seljordsvatnet.
Sjøormtårnet på Bjørgeøyane i Seljord blei opna 18. oktober 2011. Tårnet er bygd i tre og er 17 meter høgt med tre utkikksplattformer. Konstruksjonen tillet lys til å sleppe ut om kvelden slik at tårnet viser seg som eit lysande periskop i terrenget når det er mørkt.
Skorve er eit av dei høgaste fjella i Seljord, med to toppar, Gøysen (1370 moh.) og Nordnibba (1365 moh.). Under andre verdskrig styrta to fly på Skorve.