Steinkyrkje i romansk stil bygd ein gong på 1100-talet, og vigsla Heilag Olav. På nord-vest hjørnet er det hogge ut eit andlet som etter ei segn skal vere heilagkongen. Ei segn fortel også at kyrkja vart bygd av ein tusse. Da bygningen var ferdig, datt tussen ned og slo seg i hel. Der han datt, veks det ikkje gras den dag i dag.