Borghild Telnes og Gry Marie Grindbakken | Ein skog av trådar
Tolkningar i tråd, tekst og teikn
Gry Marie Grindbakken og Borghild Telnes viser i utstillinga Ein skog av trådar visuelle tolkingar i tråd, sylv og papir. Sommaren 2024 vil delar av utstillinga stillast ut i Handverkstunet på Sneie. Inspirasjonen til arbeida er mellom anna henta frå segni om Skuldalsbruri som høyrer heime i desse traktene. Utstillinga vil innehalde tekstile arbeid, sylvarbeid og innramma arbeid. Det er brukt tekstar av Kristine Søgnen, Halvor J. Sandsdalen, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Hans Børli.
Borghild Telnes (f.1961) er kalligraf og kunstnar og har drive eiga verksemd i Seljord sidan 1998. Ho har utdanning innan kalligrafi og kunst og arbeider med skrift i kombinasjon med teknikkar som handsaum, trådteknikkar, illustrasjon og trykk av ulike slag. Verktøya ho brukar er penn, pensel, nål og kniv. Borghild arbeider med tekst som inspirasjon og tolkar dette i sitt skrift- og biletspråk. Ho har arbeidd saman med andre handverkarar og kunstnarar i fleire utstillingsprosjekt dei siste 20 åra og har stilt ut arbeida sine i Noreg, England, Russland og Japan.
Gry Marie Grindbakken (f. 1969) er ein av få filigransylvsmedmeistarar i Noreg, og ei av svært få som produserer ekte handlaga bunad- og draktsylv i filigransteknikk. Gry er oppteken av handverk og tradisjon, men også av det nyskapande, leikande og kreative som folkekunsten innbyr til. Dette gjev seg uttrykki nye syljer, både kopiar og rekonstruksjonar av gamle syljer, men også nye variantar, som alle er godt innafor dei tradisjonelle normene. Ho blir inspirert av folkekunst og kulturarv; tekstilhandverk, natur, fargar og andre kulturar er sterke inspirasjonskjelder for smykker og installasjonar i ei meir kunstnarisk retning enn det tradisjonelle sylvet.
Om teknikken:
Telemarksbinding, også kalla telebinding, binding eller filering, er ein trådteknikk som tradisjonelt vart nytta til pynt på skaut, hatteklede, dukar, jolehandkle, forklede og barneklede, gjerne i kombinasjon med broderi på stoffet. Tekstilane var stort sett brukte til dei store høgtidene i livet. Det er i dag få som kan denne teknikken, og Norges Husflidslag har teknikken på raudlista si over handverksteknikkar som må takast spesielt vare på. Teknikken i seg sjølv er ikkje så vanskeleg å lære, men han er tidkrevjande. Kort fortalt bind ein blondene ved å føre nål og tråd kring ein metallpinne eller strikkepinne og knyter knutar. Dette lagar eit nett som ser ut som eit fiskegarn i miniversjon. Når nettet er ferdigbunde, broderer ein inn mønster med tjukkare garn. Langs kantane på blondene bind ein ein meir open bord, føringsbord, ved å variere mellom tjukke og tynne pinnar og ved å tvinne maskene på ein spesiell måte. Tråden ein nyttar for å binde nettet er tynt hardttvinna lingarn og broderinga vert gjort med tjukkare lin- eller bomullsgarn.