Utforsk Telemark

EN

NO

Draumkvedet i vår tid 2025: Heilagvise eller «mad song»?

TypeMuseumsarrangement

Museumsvegen 9, 3891, Høydalsmo

Legg Draumkvedet i vår tid 2025: Heilagvise eller «mad song»? til i reiseruten din.

Olav Åsteson med fakkel utanfor Eidsborg stavkyrkje.

Om

Velkomen til nytt seminar om Draumkvedet i regi av Vest-Telemark museum!

Draumkvedet er ein mellomalderballade som blei skriven opp i Vest-Telemark på 1800-talet. Balladen er Noreg sitt «bidrag» til eit felleseuropeisk tilfang av visjonsdikt med både katolske og førkristne element. Det har vore mykje forsking kring alderen og opphavet, utan at svaret er gjeve. Draumkvedet har inspirert kunstnarar av alle slag gjennom 150 år.

Det årlege Draumkvedet-seminaret ved Vest-Telemark museum Eidsborg undersøkjer korleis Draumkvedet har noko å seie for oss i dag. Nye innfallsvinklar frå ulike fagfelt set den tradisjonelle Draumkvedet-forskinga i perspektiv. Seminaret set òg fokus på Draumkvedet som sanseleg oppleving i fleire kunstformer. Ei live framføring av Draumkvedet er fast del av seminaret.

Draumkvedet i vår tid 2025: Heilagvise eller mad song?

Denne gongen er heile seminaret på éin dag: laurdag 29. mars kl. 9.00 - 17.30. Programmet inneheld to føredrag, videovising, omvising, utflukt med synfaring og framføring av Draumkvedet i Veum kyrkje (Fyresdal). I Fyresdal skal me vitje kulturminnestaden Gamle Heggland kyrkje, som i fjorårets seminar blei peika ut av kulturhistorikar Herleik Baklid som ein mogleg stad «Broksvalin» i Draumkvedet visar til. 

 

PROGRAM

9.00    Start med kaffe

9.15    Introdukjson v/ formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein

9. 30   Vise og virkelighet. Føredrag ved Hanne Weisser. Høve til spørsmål

Draumkvedet blir hvert år fremført og sunget rundt 6. januar av elevene i 7.-klasse ved Steinerskolen i Oslo. På dette klassetrinnet arbeider elevene med middelalderhistorie, og i den sammenheng inngår innøving av Draumkvedet. Mitt arbeid med dette danner bakgrunnen for en mangeårig interesse for Draumkvedet, for sangens historie og for tilknytningen til kristningshistorien spesielt.

10.45  Kaffipause

11.00  Draumkvedet framført av Agnes Buen Garnås († 2024), i opptak frå Gjerpen kyrkje 1986 (video)

11.45  Omvising i Eidsborg stavkyrkje

12.30  Lunsj

13.15  På utferd med galne drøymarar. Draumkvedet møter «mad songs». Føredrag ved Ingrid Skjerdal. Høve til spørsmål

Tom O’Bedlam er ei anonym engelsk vise lagd i munnen på den vise dåren Tom, som har lagt ut på vandring frå eit asyl i London. «Dette galne ferdadiktet liknar Draumkvedet meir enn Dante-visjonen gjer» skriv Georg Johannesen i essayet Draumkvede 1993, utan å utdjupe vidare. Engelske viser og visjonar har vore framme i Draumkvedeforskinga sidan 1800-talet, men samanlikninga med ein av 1600-talets mest kjende «Mad songs» ​, er overraskande. Kva kan Johannesen har meint med dette? Er det berre eit retorisk grep for å få fram at Draumkvedet og Den guddommelege komedien ikkje liknar kvarandre i det heile? Eller har riddaren Olav Åsteson og den fillete Tom noko felles? Eg vil undersøke kva som kjem fram om ein lét Olav møte Tom.

14.15  Kaffepause

14.30  Avreise til Fyresdal (private bilar)

15.30  Vitjing av kyrkjegarden til Heggland gamle kyrkje

16.30  Framføring av Draumkvedet v/ Malin Alander og Ole Nilssen i Veum kyrkje

17.30  Slutt

 

Utstillingar under seminaret i Eidsborg:

 «Olav sine draumar»          Lydinstallasjon av Natasha Barrett med broderi av Borgny Svalastog

 «Draumkvedet etter Maren Ramskeid»         Innspelingar med Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes (med tekst på skjerm)

 

Om årets bidragsytarar:

Hanne Weisser er musikklærar og har i mange år øvd inn Draumkvedet med elevar ved Steinerskulen i Oslo, seinast i år med framføring i Gamle Aker kyrkje. Ho har òg skrive om Draumkvedet i desse bøkane: Folkevisenes fortellinger. Gyldendal 2005, Olifant 2016, 2020; Kunst og undervisning i Steinerskolen. Cappelen Damm 2020; Følgesvenner. Sanger om små og store fortellinger. Olifant 2010, 2011

Ingrid Skjerdal er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Innlandet, og har skrive ei avhandling om mellomalderballaden som impuls i diktinga til tidlege modernistar som Obstfelder og Strindberg. I det siste har ho skrive om saum og vevnad i balladar, om stjerner og månar hos Hauge og rytme og røyster hos Skrede.

Malin Alander (vokal) og Ole Nilssen (trekkspel) har begge utmerka seg som soloutøvarar og i ulike prosjekt og samspel dei siste åra, med tydelig identitet og særpreg på sine instrument. Saman har dei utforma ein særegen versjon av Draumkvedet som i januar 2023 blei gjeve ut på plate. Turnèen dei gjennomførte i samband med dette, vekte stor begeistring. No kan du høyre framføringa på nytt.

 

Spørsmål og påmelding til: th@vtm.no

Pris: kr. 850,- inkl. konsert i Veum kyrkje.
Deltaking utan konsert: kr. 700,- inkl. lunsj.
Betaling gjerast under seminaret.
Pris for berre konserten: 200,-. Betaling ved inngangen til Veum kyrkje (kontant og Vipps). Sjå eiga annonsering.

Ein vil óg kunne følgje seminaret (føredraga) online. Informasjon og lenke kjem på Facebook-sida til VTM seinast dagen før seminaret.

 

Overnatting:

Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen
dalenbb.com              tlf. 928 17 012                 info@dalenbb.com
Ca. 10 min med bil til Vest-Telemark Museum Eidsborg.

Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal
morgedal.no                   tlf. 35068900                  morgedalhotel@unikehoteller.no
Ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.
Ein kan få rabatt ved å oppgje kode "Draumkvedet-seminar 2025", ref. 7026938

Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal
gjestehus.com                tlf. 469 63 631                 morgedal@gjestehus.com
Ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal
straand.no                      tlf. 35 06 90 00                straand@straand.no
Ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg.

Fyresdal Bed&Breakfast, Lensmannsgata, 3870 Fyresdal
fyresdalbb.com    tlf. 951 62 910         post@fyresdalbb.com
Ca. 1 time 15 min med bil til Vest-Telemark museum Eidsborg, ca. 15 min til Veum kyrkje

TripAdvisor

Kart

Kontakt

35069090

Åpningstider

Årets seminar om Draumkvedet i Eidsborg (29 Mar 2025)
DagTider
Lørdag09:00 - 17:30

Også i nærheten

  1. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    31 m Unna
  2. Statkraft visingssenter

    Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…

    64 m Unna
  3. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    208 m Unna
  1. Vil du gifte deg?

    Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…

    235 m Unna
  2. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    7.55 km Unna
  3. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    10.56 km Unna
  4. Øyfjell bygdemuseum

    Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…

    14.62 km Unna
  5. Vinjestoga

    I Vinjestoga kan ein oppleve og høyre forteljingar om livet og kunsten til den kjende…

    20.27 km Unna
  6. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…

    22.59 km Unna
  7. Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle

    Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
    Midt i det telemarkske…

    23.69 km Unna
  8. Skinnarlandsamlinga på Rauland

    Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…

    25.51 km Unna
  9. Dyre Vaa-samlingane i Rauland

    Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…

    25.57 km Unna
  10. Eva Bull Holtes Museum

    Museet er kosta av Eva Bull Holte sin mann, tidlegare generaldirektør i Hydro, Johan B.…

    27.51 km Unna
  11. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.95 km Unna
  12. Kikkeskåp, Skuldalsbruri

    Åtte skulpturelle "kikkeskåp" i stein står ute i landskapet på stader som er knytt til…

    31.67 km Unna
  13. Fyresdal bygdemuseum

    Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og…

    31.68 km Unna
Previous Next

Ikke gå glipp av