Utforsk Telemark

EN

NO

Nutheim Kunstsenter

TypeKultur

Flatdalsvegen 1283, 3841, Flatdal
Fra NOK 40,00
Product Image
  • Product Image
  • Product Image
  • Product Image

Om

Nutheim Kunstsenter - med age for det gamle og giv til det nye. Nutheim Kunstsenter skal vere eit kraftfelt for kunst og kultur i regionen og arrangere konsertar, kurs og kuratere utstillingar av høg kunstnarisk kvalitet. Målgruppa er både lokalbefolkninga og kulturinteresserte turistar.

Årets utstilling: Den langsomme veien gjennom skog og hjem

Anne Stabell (f. 1958) er ein av våre fremste tekstilkunstnarar. Kunsten hennar har fått auka merksemd dei siste åra med sine store, halvvegs transparente vevnader med luftige, poetiske motiv knytt til tre og skog. Ho har og arbeidd mykje med små, stadbundne plantefarga vevnader. Ho er nyleg innkjøpt av nasjonalmuseet, og var i 2021 nominert til den internasjonale Cordis Prize for tapestry.

I utstillinga vil du sjå eit utval av Stabells verk frå dei siste åra. Dei store vevnadane er montert i taket i det store låverommet. Publikum vil sjå vevnadane som tredimensjonale levande skulpturar i tett dialog med tømmeret og ljoset i det gamle låverommet.

I verka sine jobbar Anne Stabell med samspelet og kontrasten mellom renning og innslag. Ofte brukar ho nylon og ull for å få fram motiva i veven. Anne Stabell forklarar det slik:

Det er som å komme hjem når hendene arbeider i veven. Bevegelsene sitter i kroppen, alt faller på plass. Arbeidet med trådene får min verden til å henge sammen, slik renning og innslag henger sammen. Fargen på renningen danner en klang av grunntoner, den jevne avstanden mellom trådene setter takten for innslagenes rytme og melodi. Og tiden det tar å veve er en selvfølgelig del av helheten.

I utstillinga vil publikum få sjå ein serie av små, innramma transparentar.  Garnet i disse bileta er farga med ei særskild plante frå ein bestemd stad, plukka på ein bestemd dag. Kvart bilete er nummerert og har opplysningar om kvar og når planta er plukka, og kva ho heiter. Desse «fargeprøvene» er enkeltverk, men vert presentert samla under tittelen Herbarium Tinctorum.

Utstilling i kjellargalleriet: Ild, vann og svart stein

Anne Solberg (f. 1952) er utdanna keramiker ved Statens Håndverks- og kunstindustriskole og starta sitt virke i Oslo på slutten av 70-tallet. Ho har etter ei langt yrkesliv i akademia innan estetikk og kunstnarisk utviklingsarbeid tatt opp att arbeidet i keramikkverkstaden sin i Heddal. Resultatet av hennar rå, maksimalistiske og eksperimentelle keramikk får du sjå i Kjellargalleriet på Nutheim i sommar.

I utstillinga vil du få sjå marmorerte svart/kvite porselensplater og krukker i den tradisjonelle japanske teknikken nerikomi. Og flere krukker i svart steingods handbygd av leirplater med innfarga krakelert proseslen.

Utstillingane opnar 30. juni.

TripAdvisor

Pris fra

BillettypeBillettavgift
PrisNOK 40,00 billetter

Med forbehold om prisendringer.

Kart

Kontakt

92449442

Åpningstider

* Kvar dag kl 11 - 18.30
30. juni - 18. august

Ikke gå glipp av