Denne hagen skal vera til inspirasjon og glede mens du vandrar mellom blomar, grønsaker, urter, bær og frukt-tre. Hagen visar kreative, bærekraftige og estetiske løysingar og kan vera eit pusterom i livet til dei som går inn i hagen. Der kan ein kjenne at skuldrane senkar seg når ein set seg på ein benk, eller ein kan kjenne gleda ved å ha jord på hendane og sjå at frøet ein har sådd spirer og gir avling. Dette er ein arena for møte mellom ulike generasjonar og kulturar, der kunnskap kan utvekslas, gode samtaler oppstå og nye vennskap knytast. I hagen kan ein lære om kretsløpet i naturen og berekraftig dyrking. I Seljord Hage blir hagearbeid bruka som verktøy for integrering, terapi og læring for mange ulike grupper menneske.
HAGEN ER TILGJENGELEG FOR RULLESTOLBRUKERAR.