Om
Den vesle intime stavkyrkja i Eidsborg har husa mange bryllaup. Det er noko eige med å trø inn i eit bygg med historie 800 år attende i tid.
Eidsborg Stavkyrkje ligg rett ved Vest-Telemark Museum Eidsborg. Museets friluftsanlegg har meir enn 30 gamle bygningar. Nokre av bygga er mogleg å bruke. Sjarmerande og unike rammer for fotografering finst det nok av her i Eidsborg.
Det moderne museumsbygget rommar flotte utstillingar og ein stor kafé med utsyn til stavkyrkje og bygdetun. Tett ved museet ligg kanalparken med aktivitetar for store og små.
Vest-Telemark museum har utleige av brurebunad.
Vår hovudsesong er frå 1. mai til medio september.
5 km frå Eidsborg ligg Dalen og eventyrhotellet Dalen Hotel.
For å tinge Eidsborg stavkyrkje til ditt bryllaup må...Les mer

For å tinge Eidsborg stavkyrkje til ditt bryllaup må du kontakte kyrkjekontoret i Tokke.
Les mindre