Originaltekst |
Ordforklaring |
1. Olav han var i voksteren,
han var som ein seljerunne.
Far og mor dei unte han vel
ifrå han tala kunne. |
i ungdomsåra
var glade i han |
2. Olav han var i voksteren,
han var som ein seljetein’e.
Far og mor dei unte han vel
frå han kom i heimen. |
i ungdomsåra
seljekvist
var glade i han
heilt frå han blei fødd |
3. Han la seg ned om joleftanskvelden,
den sterkan svevnen fekk.
Han vakna ‘kje før om trettandagen,
då folket i kyrkjunn’ gjekk. Og det var Olav Åkneson,
som hev’e sove så lenge. |
jolekvelden
13. dag jol (6. januar) |
4. Han vakna ‘kje før om trettandagen,
då soli rann i lie:
«I dag vil eg til kyrkjunne,
fortelje vil eg draumane mine.» Og det var Olav osb. |
13. dag jol (6. januar) |
5. Han vakna ‘kje før om trettandagen,
då soli rann i lie.
Då salad’ han ut fljotan folen
og la på forgylte miler. Og det var Olav osb. |
13. dag jol (6. januar)
sin raske hest
forgylt(e) beisel(ringar) |
6. «No stend’e du for altaren
og legg ut teksten din.
Så stend’e eg i kyrkjedøri,
fortelje vil eg draumen min. Og det var Olav osb. |
du = presten |
7. Fyrst var eg i uteksti
eg for over dyrering.
Sund’e var mi skarlakskåpe
og neglan’ av kvar min fing. For månen skin’e,
og vegene falle så vide. |
landet bortanfor
ring av torner |
8. Så var eg i uteksti,
eg for over dyretrå.
Sund’e reiv eg mi skarlakskåpe
og neglan’ av kvar mi tå. For månen skin’e osb. |
landet bortanfor
tråkk av torner |
9. Å Gjallarbrui den er vond
og ikkje god å gange.
Bikkjene bit, og ormane sting
og stutane stend og stangar. For månen skin’e osb. |
brua til dødsriket |
10. Der såg eg dei ormane tvei,
dei hogg kvarandre i kjefte.
Det var syskenborni i denne heimen,
dei mune kvarandre ekte. For månen skin’e osb. |
syskenbarn i dette livet
gifta seg
|
11. Eg hev gjenge våsemyrann’,
der hev ‘kje stade meg grunn.
No hev eg gjenge Gjallarbrui
med rapa mold i munn. For månen skin’e osb. |
hengjemyrane
utan grunn under føtene
brua til dødsriket
gravmold |
12. Sæl er den i fødesheimen
den fattige gjev’e skor.
Han tarv ikkje berrføtt gange
på kvasse heklemo. For månen skin’e osb. |
i dette livet
mo av torner |
13. Sæl er den i fødesheimen
den fattige gjev’e rug.
Han tarv ikkje somlug gange
på høge Gjallarbru. For månen skin’e osb. |
i dette livet
svimmel
bru til dødsriket |
14. Sæl er den i fødesheimen
den fattige gjev’e korn.
Han tarv ikkje reddast på Gjallarbrui
for kvasse stutehorn. For månen skin’e osb. |
i dette livet
brua til dødsriket |
15. Sæl er den i fødesheimen
den fattige gjev’e brau.
Han tarv ikkje reddast i andre heimen
for å lide noko naud. For månen skin’e osb. |
i dette livet
brød
i neste livet |
16. Sæl er den i fødesheimen
den fattige gjev’e klede.
Han tarv ikkje reddast i andre heimen,
anten for spott eller hæde. For månen skin’e osb. |
i dette livet
i neste livet
hån |
17. Så tok eg på ein vetters stig,
der isane brunne blå.
Men Gud skaut det i hugen min,
eg vende meg derifrå. For månen skin’e osb. |
vinterstig
gav meg ein tanke |
18. Så tok eg på ein vetters stig,
alt på mi høgre hand.
Der såg eg ned til Paradis,
det lyser over vide land. For månen skin’e osb. |
vinterstig |
19. Så såg eg ned til Paradis,
det mune meg ‘kje betre hende.
Der kjende eg att’e gudmor mi
med raude gull på hende. For månen skin’e osb. |
= jomfru Maria
|
20. Så såg eg att’e gudmor mi,
det mune meg ‘kje betre gange:
«Reis du deg til Broksvalin’,
for der skal domen stande!» For månen skin’e osb. |
= jomfru Maria
himmelsalen, eller: svalgangen |
21. Så møtte eg mannen,
og kåpa den var blod.
Han bar eit barn under sin arm,
i jordi han gjekk til kneo. I Broksvalin, der
skal domen stande. |
til knes
himmelsalen, eller: svalgangen |
22. Så møtte eg mannen,
kåpa den var av bly.
Honoms arme sjel i denne heimen,
var trong i dyre tid. I Broksvalin osb. |
gjerrig
|
23. Der kom ferdi nordantil,
det tottest meg vera verst.
Fyre reid Grutte Gråskjegge,
han reid på svartan hest. I Broksvalin osb. |
ferda frå nord
= djevelen |
24. Så kom ferdi sunnantil,
det tottest meg vera best.
Fyre reid sankte såle-Mikkjel
og neste Jesum Krist. I Broksvalin osb. |
ferda frå sør
erkeengelen Mikael |
25. Så kom ferdi sunnantil,
ho tottest meg vera trå.
Fyre reid sankte såle-Mikkjel,
og luren under armen låg. I Broksvalin osb. |
ferda frå sør
langsam
erkeengelen Mikael |
26. Det var sankte såle-Mikkjel,
han bles i luren den lange:
«Og no skal alle syndesjelene
fram for domen stande!» I Broksvalin osb. |
erkeengelen Mikael |
27. Men då skalv alle syndesjelene,
som ospelauv for vinde,
og kvar den, kvar den sjel der var,
dei gret for syndene sine. I Broksvalin osb. |
|
28. Og det var sankte såle-Mikkjel,
han vog med skålevekt.
Så vog han alle syndesjelene
bort til Jesum Krist. I Broksvalin osb. |
erkeengelen Mikael |
I originalen til M.B. Landstad er det
enda to strofer med, som har eit
meir moderne dansk preg.
Desse er ikkje teke med her. |
|