La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1100-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.
Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen fanst det truleg fleire enn 1500 stavkyrkjer. Ein gjekk lenge utifrå at Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270. I 2023 blei det innhenta nye boreprøver og fotoprøver av bygningsdelar i stavkyrkja. Rapporten basert på prøveresultata kom hausten 2024, og konklusjonen der er at kyrkja i Eidsborg kan vere reist rett før 1150, altså 100 år tidlegare enn me har trudd! Det plasserer Eidsborg stavkyrkje blant dei fem eldste stavkyrkjene i landet.
Ta ein tur innom stavkyrkja på ein 360 graders visning
Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte av landets 28 stavkyrkjer frå mellomalderen. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og ho erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St. Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.
Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid. Eit treårig prosjekt som innebar nye rundar med tjærebreiing vart avslutta våren 2020.
I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt i museumsbutikken til Vest-Telemark museum.
Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai til september. Sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no
I sesong er det omvising til faste tider tre gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg, såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.
Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Born 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 70,00 kombinasjon billett |
Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 370,00 1 dag |
Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 800,- | NOK 120,00 kombinasjon billett |
Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 120,00 kombinasjon billett |
Vaksne (frå 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 140,00 kombinasjon billett |
Med forbehold om prisendringer.
Omvising i stavkyrkja kl 11:00, 13:00 og 15:00 (1 Mai 2025 - 15 Sept 2025) |
---|
* Kyrkja er ikkje open mellom omvisingane!
Omvising kan tingast for grupper utanom sesong.
Eidsborg stavkyrkje er vigsla til Sankt Nikolaus. Denne katolske helgenen fekk gjennom…
Er loftet til sagnomsuste Åse Stålekleiv eit av verdas eldste verdslege trebygg?
Loftet…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Her finn du den perfekte ramma for eit bryllaup, med ei intim stavkyrkje rett ved eit…
Statkraft sitt visingssenter på museet i Eidsborg visar foto, gjenstandar og film frå den…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Denne utstillingen stod ved Norsk Skieventyr i Morgedal hausten 2018 og i sommarsesongen…
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske…
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av…
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…