Antall resultater: 12
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.
Rauland
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar. Ope for bestilling utanom sesong.
Høydalsmo
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising tre gonger dagleg i høgsesong. Utanom høgsesong er det omvising etter behov/avtale.
Høydalsmo
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Rauland
Fyresdal bygdemuseum er eit av Noregs eldste bygdetun. Her er gravhauger frå 400-talet og gardshus frå mellomalderen og framover.
Fyresdal
Myllarheimen er husmannsplassen der felespelaren Torgeir Augundson (1801-1872), best kjend som Myllarguten, levde dei siste åra av livet sitt.
Rauland
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av dei finaste stabbura i heile Telemark! Her er også ei skulpturutstilling etter Gunnar Utsond.
Kviteseid
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med interaktive utstillingar og fartsfylte filmar. I tillegg er der ein fantastisk vasspark for store og små.
Morgedal
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for. Bli med oss på ei spanande vendring inne i gruvene, eller sjå rørlege modellar som visar koparproduksjon.
Åmdals Verk
Bygdetunet visar overgangen til ei ny tid med interiør etter 1800-talets bymote i Mostøylstoga. Det unike museumsbygget frå 1930-talet har ei rik samling med reiskap, drakter, rosemåling, husgeråd og ymse snurrepiperi.
Vinje
Vinje biletgalleri har endra namn til Smørklepp kunstmuseum.
Midt i det telemarkske «målarlandskapet» finn du ei løynd perle av eit museum, med ei stor samling måleri etter Henrik Sørensen og Harald Kihle.
Vinjesvingen
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i Telemark. Dei eldste husa er frå 1600-talet. Rett ved finn du óg eit moderne skulpturgalleri med mange av Anne sine skulpturar, kunstutstillingar i underetasjen og…
Dalen