Den kunst- og kulturhistoriske samlinga er på om lag 24 000 registrerte gjenstandar.
Samlingsavdelinga arbeider kontinuerleg med forvalting av samlinga. Gjenstandar blir reingjort og dokumentert. Dokumentasjonen omfattar informasjon om opphav, bruk, materiale og tilverknad, samt foto av gjenstanden. Gjenstandane nyttast i formidling eller plasserast i magasin.
Alle gjenstandar blir registrert i Primus og blir gjort tilgjengeleg for publikum på Digitalt Museum.
Har du gjenstandar frå regionen som du tenkjer kan vera verd å ta vare på? Ta kontakt!