Stiftinga Vest-Telemark Museum vart oppretta i 2002 med det føremål å stå for museumsfagleg drift og vedlikehald av musea i Vest-Telemark. Desse er i dag Vest-Telemark Museum Eidsborg, Norsk Skieventyr i Morgedal, Åmdals Verk gruver, Grimdalstunet, Fyresdal bygdemuseum, Kviteseid bygdetun, Øyfjell bygdemuseum, Dyre Vaa-samlingane (Rauland), Knut Skinnarland-samlinga (Rauland), Myllarheimen (Arabygdi) og Smørklepp kunstmuseum - Sørensen og Kihle (tidlegare Vinje biletgalleri). Me har i dag 15 fast tilsette og sysselset vel 20 årsverk.
Vest-Telemark Museum er utviklingsorientert og har klare ambisjonar. Museet skal vere ein mangfaldig og open arena for kulturopplevingar, læring og dokumentasjon, i tillegg til å utføre felles drifts- og fagfunksjonar for museumseiningane i regionen.
Minnefondet etter Signe og Arne Aas
Minnefondet etter Signe og Arne Aas er ei stifting som skal gje økonomisk støtte til unge etablerarar som vil drive næringsverksemd bygd på tradisjonar i Øvre Telemark. Fondet vert forvalta av styret for Vest-Telemark Museum.
Fondet har som føremål å yte økonomisk støtte i etableringsfasen for verksemder som kan skape varige arbeidsplassar og busetnad i regionen. Støtteordninga er geografisk avgrensa til Vest-Telemark og kommunane Tinn og Hjartdal. Styret legg vekt på etablering knytt til tradisjonelle handverk og kunstfag.
Storleiken vert fastsett av styret. Det kan vere aktuelt å gjere tildelingar til fleire søkjarar, avhengig av kvaliteten på søknadane.
Krav til søknaden:
Presentasjon av søkjaren med CV
• Fagleg kompetanse
• Evne til å arbeide målretta over tid
• Referanse til produkt eller ferdig utført arbeid; gjerne illustrert med bilete
Enkel forretningsplan for verksemda søkjaren ynskjer eller er i ferd med å etablere
• Produkt- eller tenestekonsept
• Kundegrunnlag/marknad
• Salskanalar/marknadsføring
• Samarbeid med andre
Budsjett for planlagde tiltak/innkjøp
Innan eit år etter tildeling skal mottakaren rapportere om korleis midlane er nytta
Fondet støttar ikkje:
Studiestøtte til offentleg godkjende utdanningar som gjev rett til studielån
Søknadsfrist: 15. mai
Send søknad til dr@vtm.no eller per post til Vest-Telemark Museum, Museumsvegen 9, 3891 Høydalsmo.
Stiftinga Vest-Telemark Museum skal sikre eit stabilt og mangfaldig kunst- og kulturtilbod med vekt på kunstnarleg og fagleg kvalitet, og at materiell og immateriell kulturarv frå fortid og samtid vert bevart og gjort tilgjengeleg for ettertid.
Stiftinga Vest-Telemark Museum skal stimulere til ivaretaking og nytenking ved bruk og utvikling av lokale ressursar.
Dette skal skje ved å gje kunnskap om, forståing for og oppleving av kultur- og kunsthistoria til Vest-Telemark på ein måte som viser både kontinuitet og endring, samanheng og forskjell.