Kjeldesenteret
Vest-Telemark museum jobbar for å synleggjere historia i regionen gjennom arkiv og foto.
Arkiv
Privatarkiv er historiske arkiv etter privat verksemd i organisasjonar, verksemder, institusjonar og einskildpersonar.
Me oppbevarer i dag om lag 300 hyllemeter privatarkiv, og av desse er 1/3 ferdig ordna og publisera på Arkivportalen.
Vest-Telemark museum er ein del av Telemarksarkivet som óg består av Norsk industriarbeidermuseum, Telemark museum og Arbeiderbevegelsens arkiv i Telemark.
Boksamling
Boksamlinga omfattar fagbøker knytt til fagområda me formidlar ved museet, samt ei rekkje lokalhistoriske utgjevnadar. Du kan søke i boksamlinga ved å gå via Vest-Telemarkbiblioteka - eller gå direkte til avansert søk: Avansert søk
Slik finn du Vest-Telemark museums katalog: Klikk på «Søk» i det grå banneret på nettsida. Då kjem det opp eit søkefelt med ein tekst under som seier «Avansert søk». Klikk på denne. Litt lenger ned på sida får du opp fleire felt for å innsnevre søket. I feltet «Velg bibliotekorganisajon», vel du «Tokke kommune». I feltet «Velg filial» velg du «Tokke kommune - Vest-Telemark museum». No er det berre å søke som vanleg, både på nøkkelord, forfattar, tittel og emne. Det går også an å snevre inn søket meir, viss ynskjeleg.
Foto
VTM har over 100 000 foto i samlinga. Stadig fleire blir digitalisert og lagt ut på Digitalt museum.
Lesesal
Publikum er velkomen til å sjå på arkivmateriale og bøker på lesesalen i andre høgda på museet i Eidsborg.
Materialet kan tingast på førehand her eller ved å kontakte arkiv- og samlingsansvarleg Benedikte Nes på bn@vtm.no