Velkommen til reiseruteplanleggeren. Du kan bruke dette verktøyet til å lage din egen reise.
For å lage din egen reiserute, klikk for å legge til et produkt i reiseruten.
Du er her: Arven vår Draumkvedet
Og det var Olav Åsteson
Som heve sove så lengje…
Trettandedag jol, altså 6. januar, i katolsk tid kalla «Epiphanias» (openberringsdagen), vaknar ein ung mann ved namn Olav Åsteson frå ein 13 dagar lang «sterk svevn». Han kler seg i fine klede, rir til kyrkja, avbryt gudstenesta og fortel om sine draumar. I draumen har han vandra over «Gjallarbrua» til underverda, han har sett skjærseld og paradis og han har opplevd sjølve domedagen med kampen mellom djevelen Grutte Gråskjegg og erkeengelen Mikael.
Dette er innhaldet i visjonsballaden «Draumkvedet». Kvadet er eit av Noreg sine mest unike bidrag til europeisk musikk-, litteratur- og kulturhistorie. Balladen eksisterte som ei munnleg overlevering i fleire hundre år, og blei bevart opp til vår tid fordi det lengst blei sunge i eit nokså isolert og avgrensa område, langt frå allfarveg, søraust i den norske fjellheimen.
Gåta Draumkvedet
Både katolske og førkristne element er tydeleg å spore i songen. Likevel har alderen på Draumkvedet vore ei gåte. Teoriane om opphavstida spenner frå 400- til 1700-talet. Mest sannsynleg er at songen oppstod i tida før eller etter Svartedauden på 1200-, 1300- eller 1400-talet, då riddarballadar av liknande form var populære ved aristokratiske hoff og kjent blant folk flest, også i Skandinavia.
Draumkvedet kan seiast å vere ein lokal folkesong frå øvre Telemark, sjølv om me ikkje veit heilt sikkert kvar det er oppstått. Men det står og i ein tradisjon med religiøse visjonsdikt frå Europa. Songen har tematiske likskapar med både «Tundals visjon» (Irland/Tyskland, ca. 1149, norrønt «Duggáls Leizla»), «Solarljod» (Island, 1200-talet) og Dante Alighieris berømte «Divina Comedia» (Italia, før 1321).
Denne likskapen med europeisk visjonsdikting tyder på at balladen kan ha ein lærd opphavsmann, kanskje ein munk eller prest, ein aristokrat eller tilreisande embetsmann. Ein norsk bondeson som har vore på reise utanfor Noreg kan også tenkjast. Uansett er dei ulike tekstvariantane me kjenner til, påverka av dei mange lokale songarar og endra eller tilpassa lokale høve gjennom hundreåra.
Ein lokal folkesong?
Balladen om draumen til Olav Åsteson blei oppdaga midt på 1800-talet i Vest-Telemark. Det var kjende folkeminnegranskarar som Olea Crøger, M.B. Landstad, Ivar Aasen, Sophus Bugge, Moltke Moe og Rikard Berge som skreiv ned ulike versjonar og melodiar til kvadet mellom 1840 og 1910.
Kjeldene var for det meste kvinner – gamle husmannskoner så vel som yngre gardsjenter – som klarte å hugse større eller mindre delar av eit kvad som folk i øvre Telemark må ha sunge i mange generasjonar, og som opphaveleg skal ha hatt over hundre vers.
Dei ulike versjonane er funne i eit nokså avgrensa område både geografisk og i tid, frå Maren Ramskeid frå Brunkeberg i Kviteseid (ca. 1840), via Anne Lillegård frå Eidsborg (1847) og Torbjørg Ripilen frå Mo (1890) – båe i dag i Tokke kommune –, til Marit Tveiten frå Grungedal i Vinje (1910).
Desse og dei fleste andre songarane budde innanfor ein radius på ca. 30 km kring Eidsborg stavkyrkje. Sidan det ikkje finst variantar av kvadet bevart andre stader i landet, er det sannsynleg at Draumkvedet på 1800-talet blei sunge berre her. Til gjengjeld blei det sunge mykje, t.d. i gravferd. Det blei sagt at alle kunne litt av den, men ingen kunne alt.
Tolkingar og teoriar
I dei fleste kjente versjonane heiter hovudpersonen Olav Åknison eller Åknesi. Namnet «Åsteson» er som ein del anna ei seinare omdikting. Ein tenkte seg at Olav kunne vere identisk med Olav den Heilage, som hadde ei mor som heitte Åsta. Det er ulogisk, sidan tradisjonen var å ta faren sitt fornamn, og Heilag Olav blei difor kalla Haraldsson. I dag finst det då heller ikkje støtte for denne tolkinga, men namnet «Åsteson» blei likevel ståande. Landstad på si side trudde Olav kunne vere identisk med ein kjent dansk misjonær ved namn Ansgarius (norsk Aasgaardsson).
På same fantasifulle vis er den «rekonstituerte» versjonen til Moltke Moe (1894) som ein gjennom lange periodar kunne finne i skulebøkene, sett saman av ulike versjonar og ein del «framande» element og gamlestev. Versjonen hans på over 50 vers speglar nok meir det romantiske behovet for eit kristent nasjonalkvad i forkant av unionsoppløysinga, enn eit fagleg fundert forsøk på rekonstruksjon.
Skildringane i Draumkvedet har opna for mange tolkingar og teoriar. Den pinefulle vegen over Gjallarbrua (som kan vere brua over elva Gjoll på veg til Helheim, eller ei forvansking av «Geldebroen» frå ei dansk preikebok) er ei klassisk ferd til underverda slik ho finst i mange mytologiar. Men kan det i tillegg vere snakk om eit landskap i øvre Telemark med stadnamn som me ikkje lenger veit om («Heklemo», «Våsemyrane»)?
Også utlendingar la merke til Draumkvedet. Den austerikske filosofen og grunnleggjaren av antroposofien, Rudolf Steiner, blei merksam på songen på ei reise til Noreg i 1910. Han omsette teksten til tysk og tolka den som ei «innvigd» forteljing laga av ein munk ved ein «mysterieskule» i Sør-Noreg på 400-talet. Ein spanande teori som det ikkje finst noko som helst bevis for.
Eit liknande spekulativt syn – som m.a. presten og mystikaren Ivar Mortensson-Egnund skreiv om – er at Draumkvedet skildrar ein metafysisk reise til stjernene, over solens bane («Dyrering»), gjennom dyrekrinsen («Dyretrå») og heilt ut i Melkevegen («Vetterstig»). Mortensson-Egnund var prest i Fyresdal i Vest-Telemark mellom 1910 og 1914, ei tid då interessa for Draumkvedet var på sitt høgaste. Han hadde då gjeve ut eigne dikt kalla for «Draumkvæe» (1895), og tolka Draumkvedet på sitt særeigne arkaiske nynorsk (1905).
I den andre enden av skalaen står litteraten og kulturkritikaren Georg Johannessen. Han hevda i ein essayistisk bok (1993) at Draumkvedet måtte vere ei etterlikning av eit mellomalderdikt, eit falsum, laga av katolske aktivistar etter reformasjonen for å irritere den protestantiske kyrkja.
Dei mest seriøse Draumkvedet-forskarane har vore norske Brynjulf Alver og Olav Bø, svenske Bengt R. Jonsson og engelske Michael Barnes. Dei er mindre spekulative og diskuterer ulike alternativ, men landar likevel på kvar sin teori. Det me sikkert veit, er at me ikkje veit.
Svartedauden og Draumkvedet
Eit av omkveda i songen, «I Broksvalin der skal domen stande», har og vore gjenstand for ulike tolkingar. «Broksvalin» kan vere ein sal i skyene – lik det norrøne Valhall – , men det kan og vise heilt konkret til ein svalgang slik me finner kring mange stavkyrkjer. Kan det til og med vere svalgangen kring Eidsborg stavkyrkje? Me veit det naturlegvis ikkje. Men at dei som song kjente til stavkyrkja i Eidsborg, det er sikkert.
Sikkert er også at det i tida etter Svartedauden (1349) fanst eit behov for religiøs praksis utanom dei forletne kyrkjene. Dei fleste prestane hadde døydd, i likskap med to tredjedelar av befolkninga. Kva ligg nærare å anta enn at dei som var att etter pesta, laga sine eigne religiøse ritual for heimebruk, basert på si konkrete oppleving av døden?
Kan det tenkjast at Draumkvedet spela ei viktig rolle denne tida? Var det ein tilreisande som fortalde dei overlevande om dei religiøse visjonane som fanst ute i Europa? Blei dette kopla saman med ein av dei populære balladane som var i omløp? Var historia om Olav basert på ei verkeleg hending, der ein ung mann på mirakuløst vis kom seg etter å ha vore smitta av pesten? Song folk kvadet for å få trøyst i ei useieleg vanskeleg tid?
Kvar Draumkvedet kom frå, og korleis det blei bruka i praksis, får me aldri vite. Men krafta som finst i bileta og førestillingane slik dei er skildra i songen, kan me framleis kjenne på. Det at kvadet overlevde i så lang tid, tyder på at det handlar om avgjerande erfaringar og kjensler for dei som song, og dei som lytta.
Levande song og inspirasjon
Draumkvedet har inspirert mange kunstnarar heilt sidan balladen blei kjend, ikkje minst komponistar. Ludvig Mathias Lindeman var den fyrste som gav ut komposisjonar basert på Draumkvedet, i 1853 (for song og klaver), 1863 (for fleirstemt song) og i 1885 (for blanda kor, uroppført i 1934). Ut på 1900-talet kom verka som perler på ei snor: frå David Monrad Johansen, Klaus Egge, Sparre Olsen, Johan Kvandal, Eivind Groven, Ludvig Nielsen og Arne Nordheim. Den nyaste utgjevnaden er progrock-bandet Neograss sin versjon frå 2015.
Det finst ei rekkje «originalinnspelingar» av balladen, av m. a. Knut Askje (Lårdal, 1950-talet), Tora Raknes (Kviteseid, 1950-talet), Aslak Høgetveit (Vinje, 1966) og Endre Sandland (Kviteseid, 2000-talet). Men det er usikkert om det var slik Draumkvedet faktisk høyrtest ut – songarane er utan tvil påverka av dei nedskrivne tekstane, og melodiane som L. M. Lindeman og den populære songaren Torvald Lammers spreidde på slutten av 1800-talet. Det var forresten Ivar Aasen som hadde skrive ned melodiane som Lindeman bruka som utgangspunkt, etter Olav Glosimot frå Seljord i 1845.
Dei fleste kjenner Draumkvedet frå Agnes Buen Garnås sin kjende LP-innspeling frå 1984. Der syng ho ein annan «rekonstruert» versjon, laga av M. B. Landstad (1853) på basis av Maren Ramskeid-varianten. Også Sondre Bratland (2002) og Berit Opheim Versto (2008) har gjeve ut sine variantar. Draumkvedet blir framleis framført mange stader av lokale artistar, ofte kring 13. dag jol (6. januar).
Også biletkunstnarar har latt seg inspirere av Draumkvedet. Me nemner i fleng: Aslak K. Svalastoga, Gerhard Munthe, H.G. Sørensen, Sveinung Svalastoga, Torvald Moseid, Anne-Lise Knoff, Ragna Breivik, Karl Erik Harr (utstilt ved Grimdalstunet i Skafså) mfl. Foto av 11 heilt nye broderi til biletkunstnaren Borgny Svalastog er å sjå i den visuelle delen av utstillinga ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg.
Les teksten til Maren Ramskeid sin versjon av Draumkvedet, med ordforklaringar.
Ny utstilling og lydinnstallasjon (utsett til 2022 på grunn av Corona-pandemien)
Frå 1. mai 2022 kan du oppleve ei akustisk-visuell utstilling om Draumkvedet ved Vest-Telemark Museum, rett ved stavkyrkja i Eidsborg (Høydalsmo, Telemark). Del av utstillinga er ein tredimensjonal lydinstallasjon av komponist og lydkunstnar Natasha Barrett. Installasjonen er basert på nyinnspelingar av Draumkvedet (etter Maren Ramskeid) av Ellen B. Nordstoga og Halvor Håkanes, gjort i Eidsborg stavkyrkje. Den visuelle delen visar broderi av Borgny Svalastog (2017-2021). Installasjonen er støttet av Norsk Kulturråd og Sparebankstiftinga DNB.
For informasjon om opningstider ved Vest-Telemark Museum Eidsborg, sjå her.
Høyr korte klipp frå lydinstallasjonen her:
Tekst: Tilman Hartenstein
© Visit Telemark 2024. Copyright