I Noreg og i andre delar av verda har ski vore eit transportmiddel gjennom fleire tusen år. Folk nytta ski når dei skulle på jakt, og dei bruka ski når dei skulle arbeide. Skia var ofte tunge, dei hadde ulik fasong og var ofte festa til foten berre med eit vidjeband eller ei lærreim over framre delen av foten.
Sondre Norheim, født i Morgedal i 1825, var ein frikar på ski. I tillegg til å vera ein framifrå skiløypar og artist, var han innovativ og utvikla skiutstyret. Ynskje om å meistre dei vanskelegaste uvyrdsløypene og hoppe dei lengste hoppa gjorde at Sondre utvikla ski og bindingar. Hælbinding og innsving på skia vart til av hans dyktige hendar. Dette var med på å legge grunnlaget for den moderne skisporten slik me kjenner han i dag.
I Morgedal har ein tatt vare på denne unike skimakartradisjonen slik han var for meir enn 150 år sidan. I samarbeid med Norsk handverksutvikling på Maihaugen, Lillehammer, vart prosessen rundt skimaking grundig dokumentera.
I tillegg til skimaking har ein òg dokumentert arbeidet med å lage hudsko og slede.
Her kan du sjå korleis eit skipar blir til.
I januar 2015 hadde me besøk av to nederlandske journalistar som laga ein reportasje for National Geographic. Dei laga sine eigne ski, og etterpå testa dei skia på langtur.