Om
År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gått sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for findalslaft eller findalshogg, som berre i nokre få tilfelle har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349. Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder «Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)», og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Då loftet vart datert av NIKU i 2006 viste det seg at tømmeret vart felt vinteren 1167. Det gjer loftet til eit av dei eldste trebygga i verda! I 2024 blei det tatt nye boreprøver av bygget, i samband med at loftet...Les mer
Om
År etter år har loftet stått ruvande her i Eidsborg. Standhaftig i vær og vind, medan resten av verda har gått sin gang. Men nøyaktig kor mange år? Ser me på laftinga finn me ein teknikk som vart kalla for findalslaft eller findalshogg, som berre i nokre få tilfelle har vore i bruk i Noreg etter svartedauden i 1349. Eldre blir loftet når me granskar ei runeinnskrift ved døra i andre høgda. Den lyder «Desse runer riste Vestein. Heil (ver helsa) den som riste og likeeins den som rår (tyder)», og er datert til ca. 1300. Men det stoppar ikkje der heller. Då loftet vart datert av NIKU i 2006 viste det seg at tømmeret vart felt vinteren 1167. Det gjer loftet til eit av dei eldste trebygga i verda! I 2024 blei det tatt nye boreprøver av bygget, i samband med at loftet skal gjennom ei restaurering.
Alderen er ikkje det einaste som er spesielt med loftet. Ifylge folketrua er bygningen det fyrste loftet som vart sett opp i Eidsborg, og det var ikke for kven som helst. Rundt 1200 eigde Åse Stålekleiv det meste av bygda, og var særdeles rik. Ho trengde ein stad å huse alt linet sitt, så sønene hennar bygde eit stort loft til dette formålet. Difor er loftet i daglegtale kalla Stålekleivloftet. Området ved loftet vart etter kvart ein eigen gard, kalla Lofthus. Derifrå vart loftet flytta til Vindlaus rundt 1840.
Les sagnet om Åse Stålekleiv.
Les mindre