Om

Borgjakonserten: Alf Tveit & Håkon Høgemo
Sundag 9. august 2026
Nye Sjodar – Evju bygdetun, kl. 15:00
285,- inkl. bill.avg.

Den tradisjonsrike Borgjakonserten under Telemarkfestivalen samlar i år to av landets fremste spelemenn: Alf Tveit frå Telemark og Håkon Høgemo frå Indre Sogn. Borgjakonserten er ei høgtidsstund der dei fremste hardingfeleutøvarane står i sentrum, og årets konsert lovar eit sjeldan sterkt møte mellom to eminente spelemenn og to levande feletradisjonar.
Alf Tveit er ein sentral tradisjonsberar frå Telemark, kjend for si djupe forankring i det lokale slåttematerialet og eit uttrykk som ber preg av både kraft og inderlegdom. Håkon Høgemo har på si side markert seg som ein meisterleg formidlar av Sogn-tradisjonen, med eit spel som er både nyansert, virtuost og fullt av musikalsk overskot.
Saman vil dei by på eit rikt og variert program med slåttespel frå fire tradisjonsskaparar som alle har jubileum i 2026: Ola Håstabø (1826 – 1899) frå Hardanger, Torgeir Augundsson (1801 – 1872) frå Sauherad, Torkjell Haugerud (1876 – 1954) frå Bø og Seljord og Eivind Groven (1901 – 1977) frå Lårdal.
Medverkande:
Alf Tveit – hardingfele
Håkon Høgemo – hardingfele 

Velkomen!