Om

Songliner – med songen i gåve
Laurdag 8. august 2026
Storsalen, Gullbring, kl. 17:00 – 18:30
365,-
Programposten Songliner er ny av året, og er mynta på møte mellom folkesongarar. I år kan me by på eit møte mellom Øyonn Groven Myhren, Aasmund Nordstoga, Odd Nordstoga og Ingvill Buen Garnås. Dette blir òg eit felles minneprogram for mødrene deira, som alle gjekk bort i 2024. Dagne Groven Myhren i april, Ellen Bojer Nordstoga i august og Agnes Buen Garnås i november. Alle hadde dei eit brennande engasjement for å halde kvedartradisjonen i Telemark levande og syte for vidareføring, noko dei løyste på både ulike og liknande vis. Det å ha tradisjonen og påskuvet heimanfrå vil nok òg bli eit naturleg emne for møtet mellom nett desse fire. Øyonn, Aasmund, Odd og Ingvill er alle A-klassingar i vokal folkemusikk. Øyonn og Odd lever fullt og heilt av musikken, Aasmund og Ingvill delvis. I denne konserten er det tradisjonell solo kveding som står på programmet. Songliner vil seinare òg kunne romme møte mellom folkesongarar på tvers av tradisjonar og land.
Velkomen!