Om

Eilev Groven Myhren i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen
Laurdag 8. august 2026
Bø bok og papir, kl. 13:00 – 14:00
235,- inkl. bill.avg.
Musikkvitar og folklorist Eilev Groven Myhren kjem til Bø bok og papir for å presentere doktorgradsarbeidet sitt – eit prosjekt som dreg liner frå norsk folkemusikk til dei djupaste strukturane i tonen sjølv. Han er barnebarn av Eivind Groven som er ein sentral inspirasjon for forskinga hans. I doktorgradsarbeidet undersøker Myhren det han sjølv omtalar som eit mogleg «musikalsk urspråk»: overtoneskalaen. Denne skalaen byggjer på naturgjevne intervall som oppstår spontant i lyd, og kan gi nye perspektiv på både folkemusikk og vestleg musikktradisjon. Gjennom arbeidet sitt viser han korleis slike naturtonar har levd vidare i norsk folkemusikk, til dømes i instrument som langeleik, og korleis desse tonane utfordrar det etablerte tonesystemet.
Me vil møte Eilev Groven Myhren i samtale med professor ved Universitetet i Sørøst-Norge, Anne Svånaug Blengsdalen.
Medverkande:
Eilev Groven Myhren – prat
Anne Svånaug Blengsdalen – prat

Velkomen!